Som om ikkje dette var nok har AP med Kjølmoen som næringspolitisk talsperson og SP flådd næringslivet langs kysten i ein vanvittig grunnrenteskatt samt ein urettvis formueskatt som tappar bedriftene brutalt. Konkursbølge rir landet akkurat no, og ein må tilbake til finanskrisa i 2008/09 for å sjå likandes tall, AP og SP i praksis.

Kjølmoen prøver seg på Oljefondet, det såkalla «pensjonsfondet» . Underteikna er ein av få i dette landet som faktisk har vore medlem i 12 år i det øverste organet i Norges bank. Når eg kom inn i Norges bank i 2006, var Oljefondet på 869 milliard kr, når eg gjekk ut etter Max tid 12 år, var fondet på litt over 10000 milliard kr. I dag er Oljefondet på svimlande 14250 milliard kr, og sjølv om Kjølmoen ikkje forstår seg på Norges bank, burde han forstå at dei 27 milliard kr FrP prioriterte å bruke på det Norske folk, ikkje akkurat truga verken pensjonen eller anna i dette landet. Dagens regjering med AP og SP, har derimot teppelagt innbyggjarane og næringslivet med skattar og avgifter, skyhøg mat, strøm og drivstoffprisar som loppar vanlige folk og næringslivet for mange titals gongar meir enn dei 27 milliardane FrP ville gje attende til vanlige folk og næringsliv. Berre i ekstrainntekter til staten på skyhøg straumpris, har ein berekna over 90 milliard kr inn ekstra i statskassa i 2023, medan ein «gjev tilbake» i såkalla «strømstøtte» ca 40 milliard kr. Dette er regelrett røveri av folks penger, og sikkert pengar som også kan omtalast som «pensjon» slik Kjølmoen framstiller det.

Kvifor har AP tatt over 90 milliard kr frå vanlige folks lommebok iform av skyhøge straumprisar? Går du på gata ei natt i Oslo Per Vidar, og så blir du rana av ein banditt for 1000kr. Dagen etter treffer du banditten på eit kjøpesenter, og banditten vil gje deg «tilbake 400kr». Du er fortsatt blitt rana, og banditten er fortsatt ein røvar? eller? Det er dette dokke gjer i AP og i regjeringa, tek urettvis inn ca 90 milliard kr til statskassa frå det Norske folk og næringslivet i ekstra straumavgifter, og gjev ca 40 milliard tilbake. Kvifor har AP og SP robba over 40 milliard kr frå straumkundane, vanlige folk og næringslivet? FrP prioriterar, og vi ynskjer maxpris på 50 øre pr kwt , kraftige kutt i drivstoffavgiftene og erkjenner at landet ikkje har behov for å gå med meir enn 1000 milliard kr i overskot pr år. Berre drivstoffprisane aleine driv dei fleste varer og tjenester til himmels kostnadsmessig, som igjen driver kraftig inflasjonen opp. Med FrP sin politikk hadde vi nok ikkje fått denne vanvittige inflasjonen med dagens kraftige renteauke og problemet for vanlige folk og næringslivet. Derfor tell vi kvar dag ned til neste Stortingsval i 2025, for AP/SP regjeringa skal raskast råd ut av regjeringskontora før dei øydelegg meir og køyrer heile landet og næringslivet i grus.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal