Å skulle sette i verk dei innstrammingane med meire som legges på skuldrane til helsesjefane skal det mykje til å klare. Og svenneprøven var lagt for å bli leiar for Skandinavias største leverandør av private helsetenester. Som pasienten i Stavanger som fekk avslag i helsevesenet for å bli operert av samme lege på den private klinikken. Kven får jobbe og sende over til konkurrenten i det private?

«Hvor sliten er du etter en travel og konfliktfylt jobb i tre år?» Dette var eit av medias kule spørsmål. Ingen spurte han om det i det heile er muleg å leie ein slik kastrat av folkestyret som Helseforetaket er. Det ligg i Lov om Helseforetak å ta helse bort frå politikarane som kunne høste godord eller bli tatt vekk i val alt etter kva pasientane og veljarane måtte meine.

Eg kjente godt dei som administrerte helse og meir til i Møre og Romsdal Fylkeskommune. Fylkesrådmannen og økonomisjefen styrte og stelte med god hjelp av mange andre 4 fullverdige sjukehus, 25 sjukeheimar, 3 rehabiliteringssenter, 25 vidaregåande skular, eit av landets største fergereiarlag MRF, 20 tannhelseklinikkar og eit veksande kulturfelt.

Eg hørte aldri at dei blei spurt om dei var slitne etter rundar med romsdalingar, sunnmøringar og nordmøringar om helsepengane og kor dei skulle gå. Men dei blei spurt om korsen dei skulle følge opp dei politiske vedtaka.

Helseutvalet i Møre og Romsdal hadde eit mål for auge og det var mest muleg helse til folk i Møre og Romsdal. Det blei innimellom for dyrt, men ingen var betre til å utjamne dei lokale ressurskonfliktane enn helseutvalet. Rett nok og med påfyll av pengar frå statskassa. Men er det sløseri å spenne peng på folk si helse?

I Molde har Helse og omsorgsutvalet abdisert og latt administrasjonen ta over styringa. Det heile begynte med Vistdal som ikkje skulle vere med i Helse og omsorgsplanen. Samme i Hustadvika kommune der Farstad sjukeheim skulle skrotes. Begge har stått opp igjen. Dei skal få nytt - om enn omorganisert - liv til beste for dei gamle i bygdene etter at bygdefolk og politikarar har lagt inn politisk press. Kanskje ikkje så dumt å ha nokken arbeidsplassa på bygda heller?

Eg har i kommunestyret i Molde bedt kontrollutvalet følge med på utviklinga når det er bestemt nedlagt sjukeheimsplassar og 22 årsverk i bu- og habiliteringstenesten planlegges nedlagt. I tillegg er det ein sak der kommunen tillyste konkurranse om tenester innafor bu- og habilitering utan politisk behandling. Det er det svaret eg har til Knut Berge, leiar av rådet for mennesker med nedsett funksjonsemne. Han spør om vi politikarar er klar over at vedtak vi har fatta er brot på ein FN konvensjon. Vi får sette vår tillit til at kontrollutvalet følger opp og sjekker om dette er lovleg og sikrar kvaliteten på tenesten til brukarane og at dei tilsette har det bra.

Mi frykt er at når helse koblast i frå politikken blir det dårlegare tenester for brukarar og pasientar. Går kvaliteten ned er det ikkje kommunetyrets vilje og er det ulovleg må kontrollutvalet ta affære. Dei tilsette ute i einingane balar med dette dagleg og blir ikkje meir motivert av lite openheit og debatt.

Det er ikkje avlyste hovudutval og kommunestyremøter som løyser desse problema. Det er openheit og fri debatt der desse er politiske verkstader som får fram dei beste løysingane. Vetet er rimeleg godt fordelt mellom oss så la oss bruke det til beste for dei som treng helsehjelp.

Kommunane i Møre og Romsdal betalar millionar kvart år til spesialisthelstenesta -sjukehusa- for pasientar kommunane ikkje kan ta heim. Dette skulle samhandlingsreformen ordne, men det er dei private som veks. Skrot Helseforetaka og ta folks helse heim til fylkeskommunen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal