Sidan 2014 har offisielle dokument frå Forsvaret og fleire regjeringar og storting, tydelig gjort greie for at vi står ovanfor ein skjerpa og forverra sikkerheitspolitisk situasjon.

I 2019 la Forsvarssjefen fram sitt fagmilitære råd. Her presenterte han fire nivå (A, B, C og D) der berre eit, alternativ A, vart gjort greie for som «tilstrekkeleg til å møte dagens sikkerheitssituasjon».

På dette grunnlaget anbefalte dåverande regjering, og Stortinget etter symbolsk sandpåstrøing, ein forsvarsstruktur som var lavare enn alternativ D, altså det lavaste ambisjonsnivået som Forsvarssjefen la fram. I dagens situasjon er det for seint å gjøre noko som fer verknad for den situasjonen vi faktisk kan stå overfor her heime.

Manglande evne

Romsdal Forsvarsforeining er forundra over den manglande evna, eller vilja, til å ta inn over seg dei sikkerheitspolitiske utfordringane som det blir gjort greie for, og som ikkje nokon stiller spørsmål ved. Er man samd i premissene, bør man også være eige i konsekvensane som burde ha vore å omfamne Forsvarssjefens alternativ A.

Då kunne me i dag ha vore på god veg mot eit forsvar «tilstrekkeleg til å møte sikkerheitssituasjonen».

Den mogelegheita vart skusla vekk av våre politikarar. No er det for seint å gjøre noko avgjerande for den situasjonen me faktisk kan stå overfor her heime.

Trua med maktbruk

Sidan i fjor haust har Russland i aukande grad trua med bruk av makt mot Ukraina for å oppnå sine politiske mål. Dei har i utstrakt grad konstruert nyheiter, og dei har servert ei forvrengt historie av seg sjølve som eit offer i forholdet til Ukraina og Vesten.

No brukar dei igjen rå militær makt, som dei også har gjort tidlegare i Georgia 2008, og på Krim og i Donbass i 2014.

Offisielle norske vurderingar seier at ein eventuell konflikt med Russland i nordområda, mest sannsynlig vil ha sitt utspring i stormaktskonfrontasjon og konflikt andre stadar enn i våre grenseområder.

Vi er ikkje der no, men likevel ganske nær, for vi står i ein situasjon der mogelegheita for utilsikta mistyding mellom Nato-land og Russland er betydelige.

Vi må derfor ikkje leias til å tru at ikkje Norge på kort varsel kan hamne i en utfordrande situasjon her heime.

Må styrke beredskapen

Fleire storting, fleire regjeringar og alle politiske parti må ta ansvar for ei lang periode med unnfallenheit rundt utviklinga av Forsvaret. I dag er det sittande regjering og storting som må ta konsekvensane av ei ytterlegare forverra sikkerheitspolitisk utvikling og finansiere eit forsvar som er tilpassa denne utviklinga. På kort sikt, må regjeringa snarast sjå på kva grep som kan gjerast for å styrke vår beredskap, både militært og sivilt.

Forsvaret kjøyrer, seiler og flyr stort sett med det dei har - kvar dag.

Lite meir kan stables på bena. Sjølv ei moderat auke av spenninga i våre område kan raskt tømme vår nasjonale evne.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal