Frå 2014 har forskjellane mellom statleg og fylkeskommunal ferjedrift blitt større og større. Riksveg-ferjene har årleg fått tilført tilstrekkelig økonomi til nødvendig og tidsriktig ferjedrift heile døgnet og året. Og det er bra.

Fylkeskommunal ferjedrift derimot fenger omtrent ingen heller ikkje dei oppnemnde ferje-ekspertane og utvala ein tøddel, eller mindre. Ekspert-utvala har dessverre og utan unntak kun anbefalt : senk frekvensane og opningstida vesentleg, og tildel mindre statlege overføringar til fylkeskommunal-ferjedrift.

Møreforskning AS på oppdrag frå departementet (KMD) føreslo 40 mill kr mindre til ferjedrift i Møre og Romsdal i 2017,  noko som regjeringa kunne legge til grunn for budsjettet i 2018. Eit nytt oppnemnd ekspertutval leia av Trond Erik Lund kjem med forslag om ferjedrift. Anbefalingane derifrå vil “garantert” heller ikkje denne gongen være særleg ferje-vennleg.

Utanom tema og litt traurig, men. Ved to høve møtte vi sentrale politikarar på Stortinget med ønske om ekstra midlar til fylkeskommunal ferje-drift. Då var det dessverre ei sak som opptok Stortinget, og meir enn det. Oppgraderingen og garasjeanlegget i Stortinget. Som var endra frå 350 mill kr, til 2,3 milliardar kr. Den saka ordna seg rimeleg raskt etter litt sedvanlig bråk, mens ferje saka som vanlig hamna i gløymeboka.

Forståinga frå det “sentrale” Oslo og Austlands-området om ferje-drift, er stort sett fråverande.

Dei er meir opptekne av ferjene til København, Kiel, Hirtshals og Strømstad, enn for at innbyggarane og næringslivet langs Vestlandskysten kan gjere seg nytte av ferjene, og dei reiser sannsynligvis oftare til Syden enn dei reiser med fylkesveg- ferjene.

Stortinget vedtok for fleire stortingsperiodar sidan forvaltningsreformen for riksvegnett - og riksveg ferjer, som i det vesentlege vart overført frå statleg til fylkeskommunalt ansvar.

I ferje proposisjonen som Stortinget slutta seg til står følgande :

“Det vil fortsatt være eit statleg ansvar, gjennom overføring av tilstrekkelege økonomiske ressursar, å gjere fylkeskommunane i stand til å bygge, drifte og vedlikehaldet eit samla vegnett som er effektivt og sikkert” sitat slutt.

Det toppa seg i 2019 etter langvarig frustrasjon og misnøye med ferjedrifta i Møre og Romsdal, og eit stort “ferjeopprør” var igang. Der dei årlege og aukande ferje-kostnadane samt svekka opningstid og frekvensar ramma innbyggarane, reisande og næringslivet både hardt og urettvis i år etter år etter år.

Derfor burde vi utan blygsle, applauder og heie fram politikarane som dei siste åra, endeleg tok tak i den langvarige og kostbare uretten for å kunne gjere seg nytte seg av ein fylkesveg, som svært ofte er ei fylkeskommunal-ferje.

Samstundes forventast det at dei ansvarlege i fylkeskommunen, ser forskjellen og uretten som rammar eksempelvis Aukra og Midsund her i regionen, når eventuelle ferje-kutt vert føreslått.

Det fins ikkje omkøyringsvegar eller andre  mogelegheiter når ein skal på jobb, reise med fly eller andre nødvendige oppdrag. I motsetnad til alle dei andre reisande i regionen, det er og blir ein stor og vesentleg forskjell.

Husken i politikken er for mange både kort og gløymsam. I 2019 avviste dåverande samferdselsminister kategorisk at staten kunne bidra med meir pengar til fylkeskommunal-ferjedrift. Ute av regjeringa i eit nytt år kravde personar i det same partiet, at regjeringa må sette ned billettprisane for dei reisande på ferjene, og helst i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett.

I Romsdal kallar vi slik framferd fole, i andre kretsar er vel populisme eit meir nytta ord.

Takka være framsynte politikarar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, som prisverdig sørga for å bygge sju framtidsretta fastlandssamband i Møre og Romsdal. Og fleire kjem.

Dermed har ni fylkeskommunale ferjer over tid blitt overflødig, og er heller ikkje sakna. Dei erstatta ferjene som mange kjempa for å behalde, ville utan desse fastlandssambanda kosta fylket anslagsvis 320-360 mill kr årleg i driftsutgifter. Då ville “ferjeopprøret” antakeleg vart heile året, og meir enn det.

Bernhard Riksfjord

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal