Alle “større” vegprosjekt i Noreg skal utan unntak gjennomføre utgreiingar overeins og i samsvar med vedtatte lover, forskrifter, normalar, samt eksterne og interne retningslinjer. Dei politiske prosessane likeins, med dertil behandling, prioritering og vedtak på alle forvaltningsnivå er ufråvikelege. Deretter vil prosjekta kunne bli behandla og prioritert når Nasjonal transportplan, som via departement og regjering kjem til endelig behandling, prioritering og avgjersle i Stortinget.

Å være imot prosjektet E39 Ålesund-Molde, (Møreaksen), må ein gjerne være, men derifrå og til å avvise omtrent alt som beviselig og dokumenterbart har blitt utført av faglege krav, inklusiv konsekvens - og konseptvalgsutredningen (KVU), er uforståelig, og påstandane må derfor kunne karakteriserast som skivebom.

Det norske folkestyrets velfungerande prinsipp om demokratisk behandling og politiske avgjersler, er noko som dei aller fleste av oss både aksepterer og respekterer. Grunnloven slår også fast at det er folket som legitimerer denne makta, og at dei som styrer må være folkevalt. Dei som ikkje syns noko om denne styreforma, vil garantert heller ikkje få betre gjennomslag og vilkår med å rope på det motsette: Diktatur og eller anarki, det er garantert eit svært dårlig alternativ, derfor vil det være betre å være ueinig, gjerne svært ueinig, og heller respektere og godta lovleg fatta vedtak.

Møreaksen- prosjektet har som kjent blitt godkjent, prioritert og vedtatt i alle aktuelle kommunar, fylkestinget, departement, regjeringar og Storting. Seinast 15. juni 2021, der 83 prosent av Stortinget sine representantar under behandlinga av Nasjonal transportplan 2022-2033 prioriterte E39 Ålesund- Molde (Møreaksen).

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal