Forrige kommunestyremøte i februar måtte vi avbryte fordi det var kommet så langt på kveld at det var uforsvarlig å fortsette. To gode interpellasjonsdebattar frå Frp og MDG blei utsett. Boligbygging på Hjelset og Fribyforfattarordning går det minst ein time til å diskutere om alle parti deltek.

Helseplattformen sin sjef har gått av etter at tusenvis av brev er feilsendte. Helsepersonell advarer med at det kan gå liv om dette skal fortsette. Styreleiaren blir bedt om å gå, men han meiner at det må eigarane vurdere. Altså vi. Molde kommune har brukt og skal sikkert bruke fleire millionar på Helseplattformen og det ligg føre sak til kommunestyret. Verdt å diskutere?

Vardestua er under god debatt og ordføraren diskuterer dette villig vekk, men ikkje der saken høre heime i teknisk utval. Og med muligheit for kommunestyret å stille spørsmål i kommunestyret!

I staden fortel ordføraren til Budstikka at kommunedirektøren skal komme med forslag i formannskapet. Dette gjorde sjølvsagt ikkje kommunedirektøren då saken skal til teknisk.

Om sitatet i Budstikka ikkje gjeld er vi i fall er vi på rett spor og saksgangen og debatten kan gå vidare. Og det skal den, for ordføraren byr inn til møte i innbyggarlabben på samme tidspunkt som kommunestyremøtet skulle ha vore. Satt på spissen er det nesten som ein skulle tru at Molde er blitt anarkistisk og at det representative demokrati er avløyst av vedtak i allmøter!

Det er to saker vi må ta stilling til på Varden; transport i byggetida og transport tenkt på sikt. Vardestua bør gjere seg til venns med dei som er mest i marka og sikkert stikker innom for ein handel. Å legge opp til transport som gjør markaopplevelsen dårleg og strid mot Markaplanen er lite lurt for dei som skal drive forretning på Varden.

I mange byar der ein har valt å ha gågater er det og opna for varetrafikk for eksempel før klokka 10 og på ettermiddag/kveld i definerte tidssonar så næringslivet kan få gjort varetransport. Næringslivet er veldig interessert i dette fordi miljøet som blir der bilen er fjerna er heilt unikt og ein stad folk gjerne vil være. "Bruk av motorkjøretøy skal aktivt begrenses" heiter det i Markaplanen. Det kan ikkje være døra på gløtt for motorisert transport av gjestar til Varden vinterstid slik eg ser det.

I fire år har kommunestyremøta vart til langt på kveld og nesten to tredjedeler av kommunestyret stemte for å greie ut møter på dagtid. Vi kunne ha fått eit kommunestyremøte med tid til debatt. Men den gang ei, sa ordføraren.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal