Staten flytta eit stort fagleg og økonomisk ansvar over til helseføretaka og kommunane. Fastlegar, sjukepleiarar, fagarbeidarar, spesialistar og investeringar i hus og teknisk og medisinsk utstyr til stadig dårlegare pasientar skal finansierast samtidig med omstilling til færre helsepersonell per pasient. Investeringar skal dekkjast gjennom innsparingar på drifta.

Regjeringa seier at både kommunar og helseføretak skal sikre trygge og gode tenester nær folk i heile landet, men med trongare økonomiske rammer. Mellom anna fordi regjeringa ikkje greidde å ta omsyn til den store prisstigninga, trass i mange åtvaringar. Det kjem ikkje nokon omstillingspakke eller beskjed om kva som ikkje skal prioriterast.

Omstilling kostar, både økonomisk og menneskeleg, før ein kjem seg over kneika. Før vi får samla spesialisttenestene må vi bygge opp nærhelsetenestene, ikkje bygge dei ned med store kutt og innsparingar og manglande investeringar. Staten ga omstillingspakke og nødhjelp til oljebransjen, men omstillinga i helsetenestene skal gå føre seg under ei tøff innsparing. Staten investerer ti-tals milliardar i forsvaret, men forsvaret må ikkje samtidig  kutte i personell og øvingar for å finansiere investeringane. Helsetenestene er også beredskap, særleg i ei tid med nye alvorlege smittsame sjukdommar og krig. Regjeringa kan starte med å skilje investeringar frå drift i helsesektoren også, og  løyve ein nødvendig investeringspakke til sjukehus og kommunar.

Å omstille under ein økonomisk tommeskrue, utan eit klart mål som folk kan forstå og tru på kan ikkje lykkast. Helsepersonellkommmisjonen peikar på eit nødvendig desentralisert krafttak for utdanning av helsepersonell, i vidaregåande opplæring, fagskular og i høgskulane. Veksten i helsepersonell må komme i kommunane, arbeidsfordelinga mellom yrkesgruppene må endrast slik at spesialistane får tid til å arbeide med det dei skal.

Vi har sett mange historier om manglande helsehjelp dei siste vekene, og det er ille å sjå på. Likevel må vi vel innrømme at vi sikkert har verdas beste helsesystem. Og at mange av oss klagar over bagatellar og brukar opp ressursar som burde gå til dei som treng det mest. Men det hjelper lite å berre skyte på dirigenten eller pianisten, helseføretaket og kommunen. Komponisten, altså regjeringa og Stortinget, og først og fremst statsministeren og finansministeren, må skrive om komposisjonen. Og det hastar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal