Då har minst seks-åtte kommunestyre-og stortingsperioden gått med. Og like sikkert som jula kjem, har det alltid blitt etablert stor og langvarig motstand frå  tusenvis av personar med ei  målsetting: skrote prosjekta, eksempelvis Atlanterhavsveien, Eiksund og Krifast mfl. Etter at prosjekta vart tatt i bruk, er det vel ingen som vil ha tilbake ferjene i staden for å køyre Langfjordtunellen, Atlanterhavsveien, og elles nytte seg av dei mange andre sambanda i fylket?

Møre og Romsdal har heldigvis og takk for det eit godt og framtidsretta næringsliv. Grunnlaget for å utvikle og produsere gode produkt, og dermed behalde og skape arbeidsplassar, er å finne blant dei mange dugande personane i leiing og tilsette for bedriftene. Som med entusiasme pågangsmot og positivitet, ser etter mogelegheiter på område etter område, i staden for dei som kun ser og hevdar det motsette.

Derfor utviklar og leverer bedriftene mange kvalitets produkt og tenester som både er etterspurt og ettertrakta i inn og utland. Eksporten av produkta er derfor eit viktig bidrag og grunnlag for verdiskaping og sysselsetting, ofte i samarbeid med underleverandørar og andre aktuelle bedrifter.

Alt dette har gjort det mulig for Møre og Romsdal å innta posisjonen som eit av Norges største verdiskaping- fylke. Då er det ikkje deltaking i lokale krinsmeisterskap dei tevlar om, men i Europa - og verdensmeisterskap.

I NHO -og næringslivet i fylket har 104 store og toneangivande industribedrifter - og virksomheter med omlag 23.000 ansatte, og 100 milliardar kroner i årleg omsetnad uttrykt ei viktig, riktig støtte og anbefaling: Bygg Møreaksen-prosjektet snarast råd.

At det alltid er pressgrupper og personar som verken aksepterer eller godtar nokon  form for demokratisk og lovleg fatta vedtak, må ein vel berre leve med, men det er vel  ikkje slik eit demokratisk og velfungerande samfunn verken skal, eller må styrast etter.

Derfor: Møreaksen har frå 2003 fått overveldande stort fleirtal og unison støtte i alle aktuelle demokratiske folkevalte organ, kommunestyrer, samferdselsutval, fylkesutval, fylkesting, departement, storting og regjering.  Dessutan, vesentleg og svært gledeleg vart “Møreaksen” vedtatt som eit prioritert og anbefalt prosjekt når Stortinget i 2021  behandla og prioriterte Nasjonal transportplan (NTP). Og prosjektet E39 Ålesund-Molde (Møreaksen) vart støtta og prioritert av heile 83 prosent av stortingsrepresentantane i salen denne junidagen.

 Ryfylketunellen som vart opna i 2019, og  som har mange likhetstrekk med Møreaksen, har blitt mottatt av brukarane og innbyggarane på ein fortreffelig og god måte.

 «Ferjefri E39 har heller aldri vore tenkt som raskaste trasé til Trondheim, slik enkelte både hevdar og trur»

Bernhard Riksfjord

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal