Dagleg blir farleg last frakta på norske vegar og over fjordar. Dette er ein type næringstransport som er heilt nødvendig for at næringslivet skal få tilgang på dei råvarene og materiale ein treng, men det bidreg til store utfordringar for folk langs kysten då det berre er tillete med 12 passasjerer på ferja dersom det også er farleg  last om bord.

Regelverket skaper naturleg nok irritasjon for dei reisande og hindrar anna næringstransport. Slike avgrensingar regelverket gir, må difor vurderast nøye opp mot ulempene det påfører andre. Høgre vil ha ei ny vurdering, og fremjar derfor eit forslag der vi ber regjeringa sjå på moglegheiter for å tillate fleire passasjerar samt gjennomgå kriteria for “farleg last”.

Sjølv om dei fleste ferjer har varslingstenester som informerer om farleg last, slik at dei reisande kan planleggje og ta omsyn til avgangar der ein må stå att på kaien, er ikkje det godt nok. Ofte er det heilt tilfeldig kor lang tid i førevegen eit slik varsel kjem. Det kan vere varselet kjem i det ferja går, eller i beste fall opptil eit halvt døgn i forkant. Det betyr at ein ikkje kan stole på ei slik teneste om ein har lengre reiseveg til ferja. Skal du rekke ein avtale på andre sida av fjorden, må du leggje inn minst ei ferjes margin. Ein slik situasjon gjer at kvardagen til dei reisande blir svært uføreseieleg og vanskeleg å planleggje, og det går ut over produktiviteten til næringslivet.

Men la det vera sagt; det er viktig for oss å understreke at tryggleiken for mannskapet og dei reisande framleis er det viktigaste.

Så er det å håpe at forslaget får fleirtal på Stortinget. Dersom rikspolitikarane våre tek kystfolket på alvor, må dei gå inn for framlegget.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal