Desse minutta er lange når ein har reist langt og har veldig lyst til å komme seg heim att. Og krydrar vi dette med litt romsdalsk ruskevêr i tillegg, så verkar ikkje ventetida akkurat kortare.

Eg kan stå inne for at vi har eit godt, breitt og punktleg kollektivtilbod i Møre og Romsdal. Samstundes er det mange områder vi ønskjer å forbetre, både talet på avgangar i nokre områder, men også effektivitet i rutenettet. Tilfellet som Tove Harstad viser til på Åndalsnes, er eit av desse.

Finurleg samansett

Rutenettet for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal har utvikla seg over tid, og er i stadig endring. Rutenettet er eit finurleg samansett system, med bussar, ferjer og hurtigbåtar, som heng tett saman for å gi eit effektivt kollektivtilbod. Endrar vi ruteavgangar ein plass, vil det mest truleg måtte endrast andre stader i rutenettet også.

Den konkrete ruta som Harstad fekk negative opplevingar med, er bussrute 420 frå Åndalsnes stasjon kl. 21:55. Passasjerane kjem til Åndalsnes stasjon med tog SJ Nord kl. 21:35. Det gir ei ventetid på 20 minutt.

Om vi justerer bussruta frå kl. 21:55 til 21:40 (rekna med 5 minutt til omstiging), vil bussen komme til Åfarnes ferjekai kl. 22:18. Sidan det er 40 minutt frekvens mellom ferjeavgangane i dette tidsrommet, blir nærmaste avgang frå Åfarnes ferjekai kl. 22:00, den neste er 22:40.

Ønskjer minst mogleg ventetid

Dette er i det minste ei forklaring på kvifor rutetida er satt slik den er i dag for denne avgangen. Det er ikkje dermed sagt at dette vil vere slik i framtida. Vi vil heile tida leite etter løysingar som minskar ventetid, og som bidreg til ei så effektiv kollektivløysing som mogleg. Denne konkrete avgangen frå Åndalsnes er ei av utfordringane vi ønskjer å løyse, men då må vi sjå på den i samanheng med større delar av rutenettet.

Vi er til for brukarane av våre kollektivtilbod, og arbeider kvar dag for at vi skal ha eit attraktivt, breitt og stabilt kollektivtilbod, som gjer at enda fleire vel å reise kollektivt. Skal vi greie dette, er vi avhengige av å få innspel frå brukarane våre på tilbodet vi har i dag, forslag til forbetringar og framtidige behov, slik som innlegget til Tove Harstad er eit eksempel på.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal