Men rapporten gjer det svært tydeleg at naturkrisa er like stor som klimakrisa, og at naturnedbygging er like viktig å unngå som klimagassutslepp. Ein skal ikkje grave lenge i den ferske klimarapporten, før ein ser at omsynet til klima og natur må gå hand i hand, og at det må prioriterast no – ikkje etter kvart, ikkje når det passar, men no, i dag, og overalt. Det vi gjer dei neste sju åra, vil ha konsekvensar for dei neste tusen.

Kva kan vi gjere her, i Molde kommune?

Vi har byrja å jobbe etter klimabudsjett. Dette er det stort sett einigheit om, og det kan bli eit godt verktøy – men tempoet på dette arbeidet må opp, kraftig. Eit tilsvarande effektivt verktøy for å motverke naturnedbygging, er prinsippet om arealnøytralitet. Det betyr at vi må gjenbruke og fortette allereie utbygt areal framfor å byggje ned meir natur, og vi må restaurere meir av naturen vi har øydelagt. Vi må ha netto null tap av natur. Dette er det på ingen måte einigheit om i vår kommune. Det er tatt i bruk i fleire andre kommunar, og det er sterkt anbefalt av fagfolk på området. I Molde har det blitt stemt ned tre gonger den siste perioden.

Vi i MDG føreslo å ta inn arealnøytralitet som prinsipp i kommuneplanen, tilbake i 2021. I følgje ordføraren i debatten den gongen: Eit farleg forslag, som han ville åtvare mot å stemme på (vi fekk støtte av R + éi stemme frå SV). No i februar var det føreslått frå kommunen sin administrasjon, i forslaget til ny klima- og energiplan. Posisjonen ønskte å ta ut dette før plana skal på høyring, og det gjekk gjennom (mot MDGs og SVs stemmer). Arealnøytralitet var også tema i debattheftet som KS (Kommunenes sentralforbund) sender til alle kommunar - dette er ein årleg gjennomgang av utfordringane i kommunesektoren, og i år var berekraftig arealbruk eit hovudtema. Då Moldes svar til KS blei behandla i formannskapet, blei ”Overordnet krav om arealnøytralitet i arealplanleggingen" fjerna, mot MDGs, SVs og Vs stemmer. Med andre ord: I naturpolitikken manglar Molde ein solid dose ikkje berre med berekraft, men med la-vere-kraft. Vi må ta inn over oss at vi ikkje kan halde fram med å forbruke natur som før.

Alt kommunen jobbar med, er viktig. Faktisk er det noko av det eg har blitt mest fascinert av etter eg blei politikar: Det finst knapt eit saksfelt som ikkje er spennande og viktig å setje seg inn i. Alt frå å rekruttere sjukepleiarar og fastlegar til god integrering av flyktningar til rett bruk av næringsfond. Det er eit privilegium ved å få drive med politikk: Å få innsikt i, og få vere med å påverke, eit så breitt spekter av saker. Men i lys av dei store, eksistensielle truslane vi står overfor, er det nokre felt som blinkar seg ut ekstra. Det eine er snuoperasjonen som må til innan natur- og klimapolitikk. Det andre er skule og oppvekst. Vi etterlèt ein stor jobb til dei som er barn og unge no. Då må vi gje dei eit best mogleg utgangspunkt for å takle det som kjem. Og det viktigaste då, er å sørgje for at dei har det trygt og godt her og no – fordi barndommen er verdifull i seg sjølv, og fordi trygge, glade barn kan utvikle seg til ansvarlege vaksne som har ressursar til å takle det som ligg framfor oss. Som mamma og som lærar i vidaregåande er eg så heldig å dagleg få vere saman med ungar og ungdomar som er nysgjerrige, som viser engasjement og som bryr seg – om si eiga framtid, om kvarandre og om samfunnet. Det gjev håp!

Og det kan trengst, for jammen er det lett å bli nedtrykt og svartsynt. Sorg er naturleg: Når vi mistar noko verdifullt, når folk vi er glade i blir behandla dårleg eller blir sjuke eller døyr, kjenner vi på sorg. Det er noko av det same når vi ser korleis naturen blir driven rovdrift på, når livsgrunnlaget for oss sjølve og komande generasjonar blir øydelagt, når artar døyr ut på grunn av arealtap og klimaendringar. Eg blir lei meg og fortvilt, og eg veit at det gjeld mange. Det kan vere vanskeleg å finne att håp og livsgnist midt i sorga. Når det gjeld økosorga, finn eg att håpet i handling. Det å gjere noko, bidra til ei betring, jobbe for å få til nødvendige endringar.

Vi står ikkje aleine, ingen av oss. Det er heller ikkje kvar enkelt som skal redde alt – det skjer gjennom samhandling. Og demokratiet vårt er til for dette: Viss vi brukar stemmeretten vår, kan vi løyse problema i fellesskap.

Alt blir ikkje bra – artar og natur er allereie borte, og kjem til å forsvinne. Ekstremvêr tar liv. Men ved å handle raskt no, er det likevel veldig mykje vi kan redde. Og vi kan gje vidare ein klode som er leveleg også for framtidas trygge, glade ungar, som kan få oppleve vakker natur.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal