Rødt Molde har på medlemsmøte fatta følgjande utale: Rødt Molde er glad for at eit fleirtal i Stortinget er for at Palestina skal anerkjennast som eigen stat, men skuffa for at framlegg om å anerkjenne Palestina som eigen stat no vart nedstemt. Med Rødt sitt framlegg, som fekk støtte frå  SV, MDG og Venstre, kunne Regjeringa med AP og SP ha sikra fleirtal til at Norge blei ein av alle dei over 130 nasjonar som har anerkjent Palestina. Anerkjenning er viktig for å gje det Palestinske folket den tryggleik ein eigen nasjon vil gje og legge større press på å stogge Israel sin okkupasjon, stogg folkemord og etnisk reinsing.

LO med alle sine medlemmer er tydeleg i kravet om annkjennelse.

Heilt sidan 1948 har det palestinske folket opplevd etnisk reinsing og forfølging av Israelske myndigheiter og nybyggere. Over fem millionar palestinarar er flyktningar. Rødt meiner at Israels brot på folkeretten må møtes med sanksjonar av verdssamfunnet.

Rødt er for en økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel. Vi jobbar for at norske kommunar skal ha innkjøpsboikott for varer frå området okkupert av Israel. I tillegg meiner Rødt at Norge må trekke ut sine investeringar i Israel og stanse våpenhandelen med landet, som er en direkte støtte til den folkerettsstridige okkupasjonen av Palestina.

Rødt Molde syns det er leit at Molde sin ordførar viste liten vilje til å følje opp Rødt sitt spørsmål i kommunestyret. I god Molde ånd hadde det vert på sin plass å heise det palestinske flagg  på Rådhuset for å vise sin solidaritet med dei undertrykt, på same måte som ein gjer med å heise det Ukrainske flagget.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal