Det kom fram sterke reaksjonar på kommunen sitt forslag om riving av bygningane til Farstad omsorgsssenter. Det er heilt uforståeleg at ein skal rive dei 14 eksisterande bueiningane og så bygge opp 7 nye omsorgsbustader. I ei tid der stram kommuneøkonomi, kan det ikkje vere rett å bruke pengar på å rive kommunale bygg, bygg som nyleg er renoverte og er i god stand.

Farstad omsorgssenter var ein god og trygg heim for dei som hadde problem med å greie seg i eigen bustad. Her var det trivsel med aktivitetar og sosiale møteplassar.

Dette skjer i ei tid då det er stor mangel på bustader for dei som treng helsehjelp og omsorgstilbod. Framtidsutsiktene viser også at det vil bli langt fleire som etter kvart treng eit tilrettelagt helse- og omsorgstilbod.

I dag er det mange som blir liggjande på sjukehus i lang tid etter at dei skulle ha hatt eit anna butilbod. Dette gjer situasjonen innan helse og omsorg i kommunen svært stressande og ressurskrevjande både når det gjeld økonomi og personell. Politikarane vedtok å leggje ned Farstad omsorgssenter for å spare pengar. Sparer ein pengar ved å rive det store betongbygget og så bygge opp 7 nye bueiningar oppå grunnetasjen?

Nei, la bygget stå og ta det i bruk og bygg opp dei 7 nye på det arealet som er lagt ut til bustader like ved. Saman med dei eksisterande aldersbustadene i området, vil ein her kunne skape eit godt bumiljø for ulike grupper eldre.

Når ein ser bygget slik det står i dag, er det heilt uforståeleg at det ikkje er tatt i bruk. Ein såg her om dagen at Hustadvika kommune skal ta imot 130 flyktningar frå Ukraina.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal