Det er mellom anna tiltak til barn og unge og til «trafikksikre kommunar». Trygg Trafikk er ein sentral samarbeidspart i alt trafikktryggingsarbeid i fylket. Trafikktryggleik handlar ikkje berre om utbetring av vegar, gul midtstripe, skredsikring, fartsgrenser eller tryggleik i bilane. Det handlar aller mest om sjåføren

Fart, rus og manglande merksemd er ofte årsak til trafikkulykker. Å la seg distrahere av teknologi i bilen ein augneblink kan føre til alvorlege ulykker. Altså er sjåføren sine handlingar og val i trafikken ofte avgjerande.

I 2022 vart 542 bilførarar tekne for å kjøre i ruspåverka tilstand i vårt fylke. Det er eit skremmande tal, og truleg berre toppen av isfjellet når vi veit kor liten del av trafikken som blir kontrollert. Utrykningspolitiet sine tal for heile landet i 2022 viste ein auke frå 9706 til 11633 bilførarar som vart melde. To prosent av alle kjøreturane i Noreg blir gjort i ruspåverka tilstand. 55% av desse er påverka av medikament, 35% av narkotika og 10% av alkohol. Om lag 25% av trafikkulykkene skuldast rus, som alkohol, narkotiske stoff eller medisinar som ikkje skal nyttast av bilførarar. (Kjelde: UP).

Bilkøyring og rus høyrer ikkje saman. Dømmekraft, reaksjonsevne og  presisjonsnivå blir sterkt redusert. Det kan vere livsfarleg for andre, for passasjerar eller møtande trafikk og for sjåføren sjølv.

Ver så snill – ikkje kjør bil, båt, el-sykkel, traktor eller motorsykkel når du har drukke alkohol eller teke inn andre rusmiddel. Og som passasjer – ikkje set deg inn i ein bil dersom sjåføren er påvirka. Gjer ditt for å hindre ruspåverka kjøring. Bruk refleks om du går ute når det er mørkt, bruk hjelm når du syklar. Ver meir merksam i trafikken.

På vegne av samferdselsutvalet har vi eit nyttårsønske: Gjer 2023 til eit år der vi i Møre og Romsdal kan redusere tala på trafikkulykker og trafikkskadde.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal