No opnar endeleg Nordøyvegen!!! -og vi øybuarar kan køyre dit vi vil, akkurat når vi vil.

Samtidig som vi får noko nytt og veldig etterlengta, mister vi med vegen noko som har vore ein viktig del av liva våre.

Dei aller fleste er einige om at vegen er bra og nødvendig, men det er samtidig lov å kjenne på eit visst vemod over at vi no mister noko som har vore ein så stor del av kvardagane våre.

Sjølv om vi feirar vegen og ser framover, er det òg viktig å reflektere over historia og få takke for det som har vore.

Fergene i Rute 22 har vore livsnerven vår i mange tiår. Både då vi skulle ut i verda - og når vi kom heimatt - har fergene og mannskapet i rute 22 frakta oss trygt fram og tilbake.

Lettelsen av å akkurat rekke ferga, og fortvilinga når ein ikkje gjer det, har vi nok alle kjent på. Nokre har kvidd seg i mange dagar for å rygge ombord, og nokre har sovna i bilen under overfarta og vakna opp på feil kai. Vi har nok alle våre særeigne historier om fergeturar som skil seg ut. Det har vore ein stor del av livet vårt både på godt og vondt.

Det har vore spente foreldre på veg til sjukehuset og stolte foreldre på veg heim med ein ny øybuar. Det har vore livets første tur og livets siste tur. Det har vore triste turar og glade turar. Det har vore den faste pendlarturen og dei heilt spesielle turane. Turar ein har gledd seg til og turar ein har grudd seg til. Turar der ein har vore i godt lag og praten har gått lett i salongen, og turar der ein har hatt behov for å sitje åleine i kald bil.

Ferga har vore der som ein viktig konstant i liva våre. I godvèr og uvèr. Noko vi alle på øyane har hatt til felles.

Ferga har på mange måtar vore noko samlande, noko vi har hatt til felles, som skil oss frå andre meir landfaste "folkeslag".

Den gode samtalen rundt private høgdepunkt eller utfordringar, eller gründeren sine tankar rundt nye, fruktbare idêar som har vekse fram, har vore formidla. Både rik og fattig, stor og liten har vore avhengig av den samme ferga.

Nokre ting med fergene kjem vi til å sakne, som "det sosiale"; praten med nokon ein kjenner i salongen, tilgangen på eit skikkeleg toalett etter ei lang reise, og unnskyldninga for å reise heim tidleg frå eit kjedeleg møte. Andre ting, som å forklare den utanlandske lastebilsjåføren kva øy han skal i land på, vert ikkje å sakne. Stresset med å rekke ferga, eller kalde timar på lite kundevenlege fergekaier når ein ikkje rakk ferga, vert godt å sleppe. Likeså usikkerheita om det er plass og ein får vere med, er ting vi frå no av slepp å uroe oss for.

På alle turane med ferga, i hauststorm og i sommarsol, har mannskapet losa oss trygt fram og tilbake.

Ein velkjend matros som kjenner deg igjen og huskar kva øy du høyrer til på, kan gjere veldig godt når ein kjem heim sliten og trøytt frå den store verda. Dei ekstra minutta sisteferga har venta i Brattvågen på ein litt forsinka reisande, har mang ein gong vore forskjellen på ei natt i bilen på ei kald fergekai og den gode senga heime.

Venlege ord, eit smil, litt hjelp når det trengtest og godt sjømannskap er noko av det vi har satt pris på opp gjennom åra.

Eg vil med dette innlegget, på vegne av folket på øyane, få takke for at mannskapet på fergene i rute 22 har frakta oss trygt ut i verda og heimatt i alle desse åra!

Tusen takk for turen!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal