I Storbritannia kokar dei aluminium på energi dei får delvis frå Noreg, og sender avfallet til Sunndalsfjorden. Kraftkablane gjer dette mogleg, og våre industriarbeidsplassar fer med på lasset.

Korfor skal vi true den lange tradisjonen vi har med å gje langsiktig billeg kraft til industrien vår langs heile den lange kysten? Vasskrafta har ein verknadsgrad på drygt 90 prosent og er noko av det mest verdifulle vi har.

Avfall skal handsamast der det oppstår. No kjem det fleire båtar hit kvar månad, med om lag 3000 tonn med saltslagg, avfall frå aluminiumsindustrien i Storbritannia. Fem døgn tek det med båt over Nordsjøen og inn Sunndalsfjorden til Raudsand der det skal gjenvinnast. Det er betre at britane handsamar sitt eige avfall. Så i naud er vi ikkje på arbeidsplassar i Møre og Romsdal at vi vil risikere fjordane våre og samtidig eksportere grunnlaget for dei mest lønsame industriarbeidsplassane våre; vasskrafta.

Det blir arbeidd i Stortinget for eit nasjonalt forbod mot sjødeponering i fjordane og det er ofte stor konflikt rundt denne type saker, så også i nordmørsfjorden.

Molde kommunestyre har sagt nei til nasjonalt anlegg for farleg uorganisk avfall og vedtatt at alt som omhandlar Raudsand skal til kommunestyret.

Sist kommunestyremøte blei det opplyst at ny reguleringsplan kan leggast fram før sommaren. Då vil vi få ein heilskapleg plan og eit faktagrunnlag som vil gjere det lettare å få desse debattane til å gå føre seg utan for mykje konflikt. Ein stor seier for oss som har krevd at alle i Molde skulle få sei si meining om giftdeponi.

Ei skipslast kan innehalde om lag 3000 tonn saltslagg. Dette skal gjenvinnast, noko som i visse fall kan kallast sirkulær økonomi, men antakeleg ikkje med fem døgn over Nordsjøen og det energiforbruket det medfører. Usikkerheit rundt konsekvensane for fjorden må og telje med.

I deponiet som skal dekkast til har SV heile tida foreslått opprydding, ikkje tildekking. Her er forslaget vårt, som blei nedstemt.

«Miljødirektoratet / Statens Forureiningstilsyn SFT var sjølv med og tilskynda importen og deponeringa av dette farlege avfallet ved å utstede importlisensar utan å syte for at avfallet vart resirkulert.

Grunna opplysningar om mottak av bilbatteri, bunnaske frå forbrenningsanlegg og anna farleg avfall/spesialavfall utsettes saken til ny reguleringsplan er ferdig og kommunestyret ber kommunedirektøren straks sette i gang dette reguleringsarbeidet.»

Sunndalsfjorden si tolegrense for mottak av avfall frå utlandet er nådd. Noreg kan ikkje halde fram med å eksportere kraft gjennom kraftkablar som svekker våre eigne industriarbeidsplassar og skitnar til fjordane våre.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal