Har du ein tiandeklassing i hus som ikkje er heilt sikker på kva vidaregåande utdanning han eller ho skal velje? Då er «Følg interessene!» det beste rådet du som forelder kan gi.

Tysdag 1. mars er det søknadsfrist for plass i den vidaregåande skolen. Dei siste vekene og månadene har avgangselevane på ungdomsskolen brukt mykje tid på skolen på å førebu seg for det viktige retningsvalet.

Og det er ikkje ein enkel oppgåve for ein 15-16-åring. Kva skal dei velje? Skal dei følge vennane sine eller la geografien bestemme val av studieretning? Næringslivet i fylket skrik etter nok arbeidskraft med riktig kompetanse - skal det ha betydning for valet?

No er elevane i sluttfasen, og det er like før søknaden skal sendast inn. Kanskje har ungdommen din allereie bestemt seg. Men kanskje ikkje? Kanskje treng 10.-klassingen hjelp frå nokon som kjenner hen godt til å ta den endelege avgjerda? Då har du ei viktig rolle som rådgivar og samtalepartnar i tida som kjem.

Få hjelp på vilbli.no

Korleis skal du gripe det an dersom ungdommen din enno ikkje har klart å bestemme seg? Eit første steg er å orientere seg på nettstaden vilbli.no, som er ei informasjonsteneste for søkarar til vidaregåande opplæring. Nettsida gir god informasjon både for ungdommen din og deg sjøl som forelder eller føresett. Her får du informasjon om utdanningsprogram, programområde og yrke/kompetansar, i tillegg til informasjon om regelverk, inntakskrav, inntaksreglar og søknadsprosedyrar.

Det kan vere greitt å minne foreldre om at det har vore store endringar i arbeidslivet dei siste tiåra. Vi må ikkje henge oss opp i gamle sanningar. Det som tidlegare var eit trygt karriereval treng ikkje vere det i dag – og omvendt.

Følg interessene – og hjartet

Foreldre må akseptere at det for mange elevar er eit vanskeleg og krevjande val dei står midt oppi. Dei blir oppmoda til å følge talentet, men er dei fullt klar over dei sterke sidene sine? Her kan de som er forelder bidra, de kjenner barna aller best. De veit kva ungdomen har av eigenskapar og interesser.

Det er viktig at valet er ungdomen sitt eige og at det er bygd på

  • ønska og draumane

  • evnene, anlegga og interessene

  • best mogleg kjennskap til utdanningsvegar og yrke

Hugs at ungdommen din skal trivast med opplæringa som blir valt. Det er den beste motivasjonen for å lære.

Størst sjans for jobb

Naturlege spørsmål å stille for ein som skal velje utdanning, er kva for kompetanse som gir størst moglegheit for jobb, og kva for yrke som reknast som trygge i åra framover. Men det er det ikkje noko fasitsvar på. Arbeidslivet er i konstant endring i takt med den teknologiske utviklinga, og yrke kjem og går.

Derimot gir ein rapport frå Menon Economics som nyleg blei lagt fram, ein god peikepinn på behova for arbeidskraft i Møre og Romsdal både no og i åra fram mot 2030. Særleg gjeld det for fleire av Møre og Romsdal sine viktigaste sektorar, blant anna bygg og anlegg, maritim næring og anna industri. Det fortel at yrkesfagleg utdanning gir gode moglegheiter for jobb.

I rapporten kjem det óg fram at det i kommunane er særleg mangel på sjukepleiarar, vernepleiarar, barnevernspedagogar og ingeniørar.

Vegen blir til mens vi går

Uansett kva for vidaregåande utdanning ungdommen din vel den 1. mars, må vi minne om at valet ikkje er hogd i stein. Og som foreldre har vi erfart sjølv eller gjennom andre at interesser endrar seg, og at livet tar vegar vi ikkje så føre oss.

Men det aller viktigaste å formidle til ungdomane som no skal velje, er at inga utdanning er bortkasta og at vidaregåande skole er heilt nødvendig i dag. Det handlar om å kunnskap til å få jobbe med noko dei har lyst til, og som gir moglegheiter for ei stabil og god inntekt.

Godt val!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal