I saka «Sektor for helse og omsorg - økonomirapport per 2. tertial 2022», skriv kommunalsjefen om eininga Bo- og habiliteringstjenester:

«Tidligere ytte enheten tjenester i hovedsak til personer med diagnose psykisk utviklingshemming. Brukergruppen er blitt mer sammensatt og enheten leverer nå i tillegg tjenester til brukere med [...] og autismespekterforstyrrelser.»

 Det er ikkje rett. Menneske med den tyngste autismediagnosen, barneautisme, har også psykisk utviklingshemming. Det er noko som følgjer med autismediagnosen. Desse har lenge fått tenester frå eininga.

Det nye er at eininga også leverer tenester til menneske som tidlegare fekk diagnosen asperger syndrom – høgt fungerande autisme – oftast utan utviklingshemming. Den blir no rekna som ein av dei mange diagnosane innafor autismespekteret. Dette er ei presisering som både kommunalsjefen og hovudutvalet for helse og omsorg må ta innover seg, for å unngå mistyding.

Vidare skriv kommunalsjefen:

«Enheten er ikke bevilget midler til nye tjenestetilbud, det må derfor gjennomføres endringer for at tjenesten skal kunne driftes på en økonomisk bærekraftig måte.»

Orda kan gi inntrykk av at Bo- og habiliteringstjenester må endre seg for å kome i samsvar med eit budsjett. Det er å snu det verkelege livet opp ned. Med ei slik formulering kan ikkje kommunalsjefen ha forstått at tenesta har lovfesta oppgåver å løyse. Då har ho heller ikkje forstått at budsjettet må etterleve det verkelege livet.

Budsjettet må vere forma etter dei lovpålagte tenester som trengst. Ho har ikkje lov å forme lovpålagte tenester etter eit ønskje om ulovleg budsjett. Då får vi ulovlege tenester, og kommunen driv lovbrot.

Er det slik at menneske som søker helse- og omsorgsteneste berre kan få det mot at tenester blir tatt frå andre menneske, kommunalsjef?

Til slutt, kommunalsjef Thalén: Forklar oss kva formuleringa «tjenesten skal kunne driftes på en økonomisk bærekraftig måte» tyder i denne samanhengen! Kva har orda «økonomisk bærekraftig» å gjere i denne saka?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal