Astrid Berit Hindhammer Foto: Privat

Med ei slik ytring frir han til bokmålsugne raumaværingar. Fylkestingskandidat og ordførarkandidat for Ålesund Høgre, Monica Molvær, er hjarteleg einig med partikollegaen.

Skjønar eg desse to rett, blir bokmålbrukarar reint undertrykte! Men på kva måte, undrar ein kanskje. Jau, målforma til fylkeskommunen er på nynorsk, skrekk og gru! For det skal visst være synd på oss når fylkeskommunen vår, som ein av dei få arbeidsplassane i landet, brukar eit målføre som liknar på våre eigne dialekter.

Paradoksalt nok er det nett vi nynorskbrukarane som i årrekker har etterspurt detGrøtta Grav og Molvær kallar «nøytralt språkval». Det er nett vi som saknar eit nynorsk alternativ i det offentlege; til dømes på arbeidsplassane, i skulen, i kulturlivet, på sosiale media...

Men dei to ambisiøse Høgre-politikarane prøver vel ikkje å fremje sine eigne agenda ved å utnyttje det faktum at nynorsken er særs sårbar, at det er nynorskbrukarane som blir offentleg undertrykte og ikkje motsatt?

Kva med vår rett på å få bruke eiga språkform? Kva med å gje oss nynorskbrukarane språkvalsnøytralitet?

Som toppen på kransekaka, skriv Grøtta Grav og Molvær lesarinnlegget sitt om retten på bokmål, på nynorsk. For hugs, dei treng alle røystene dei kan få.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal