I RB har vi dei siste vekene lest om bekymra foreldre som etterlyser ein trygg skule som utfører samfunnsoppdraget sitt om å inkludere alle barn og forebygge psykiske helseplagar og utanforskap. Alle FAU-ar på skulen i kommunen protesterer mot ytterlegare kutt i Moldeskulen (RB 20.09.22). Løysinga er ikkje å umiddelbart vise til skulestrukturen og leggje ned distriktsskular, (RB 08.10.22), men å sikre at kvar enkelt elev på grunnskulane i Nesset, Midsund og Molde får ei likeverdig grunnskuleopplæring der dei skal «utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong» (Opplæringsova, 1-1).

Prioriter grunnskulen og småskuletrinna

I Molde kommune kjem det kutt på kutt i talet på spesialpedagogar og assistentar per elev, fleire elevar per kontaktlærar og ingen bussar til skidag og turdagar for elevane. Det er stusseleg å oppleve at skulen til ungane mine blir nedprioritert. Når eg les i avisa om kutta Moldeskulen skal gjere og så erfarer at på foreldremøte på nærskulen fortel lærarane at skulen ikkje har råd til bøker, blir eg opprørt. Dei yngste elevane våre på slutten av småskuletrinnet og på mellomtrinnet får rett og slett ikkje bøker i alle basisfaga. Eg kan berre tenke meg meirarbeidet til lærarane og spesialpedagogane som skal finne tilpassa undervisningsmateriale til elevane som etter Opplæringslova §1-4 Tidleg innsats på 1.-4. trinn har rett på intensiv lese-skrive- og rekneopplæring  for å sikre at forventa progresjon blir nådd. Dette er skuleeigar Molde kommune plikta å gje til elevar som står i fare for å bli hengande etter i småskulen. Her er tilgang til nødvendige læremiddel og tilstrekkeleg antal vaksenpersonar i skulen nødvendig for å oppfylle lova.

Læremiddel på bådepapir og skjerm gir variert undervisning

I Moldeskulen er lærarar med dei beste pedagogiske intensjonar om å engasjere og undervise borna våre med varierte læringsstrategiar – og så får dei ikkje dei nødvendige ressursane frå skuleeigar. Den same skuleeigaren som i haust har tent millionar på innsparte lønnsmiddel under lærarstreiken (RB, 28.09.22).  «Skal du satse på elevane, må du satse på lærarane» var slagordet til dei streikande lærarane i haust. Skal du satse på elevane må du gi dei nødvendige føresetnader for læring. Kva er vel ein skule utan nok lærarar og bøker? Her er tilgang til digitale læreverk som støttar seg på nettopp bøker og har oppdeling som kapitla i ei bok. Dersom det ikkje er noko anna tillegg i det digitale, kva kan då forklare at dotter mi ikkje får lesebok? Korleis skal sonen min lære å skrive S-ar og 5-tal rett veg om han ikkje får øvd seg i ei arbeidsbok eller skrivebok eller med å lese i ei lesebok? Eg undrar meg og uroar meg.

Lærer ved å bevege seg

Læring er bevegelse og læring er knytta til det fysiske, og det får ein ved å flytte blyanten bortover ei side i skriveboka medan hjernen tenker, tolkar, og sender signal om kva handa skal skrive med blyanten. Undervegs skjer læring, refleksjonar, repetisjonar og forståing. Hjerneforsking ved NTNU viser at borna både lærer og hugsar betre ved å bruke penn og papir (Midling, 2022).

Fysisk aktivitet som uteskule og turdagar er ypperlege moglegheiter for aukt læring og utvikling av kognitive funksjonar. Det at kroppen er med i læringa gjer at elevane oppfattar og forstår ting annleis. Ein didaktikk som inkluderer fysisk aktivitet kan sjølvsagt skapast av den individuelle lærar aleine, men det er heilt klart ein meirverdi at elevane og skulen får dra på felles turdagar eller at det er ein fast struktur for uteskule. Då blir det svært begrensa om ein ikkje har økonomi frå skuleeigar si side til å sikre transport til skidagar/turdagar, heiskort til alpinbakken, leirskule eller andre nødvendige middel for å legge til rette for læring utandørs.

Digital satsing på bekostning av bøker

Dei digitale ferdigheitene lærer elevane seg svært fort og godt allereie før skulestart, om foreldra ønsker. Digitale ferdigheiter skal heile tida utviklast, slik som det motoriske. I debatten om analoge versus digitale læremiddel opplever eg at skulen er tydeleg på at det digitale ikkje skal overta for det analoge.  Den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa skjer med at ein motoriserer og øver inn rørsla å skrive og forme bokstavane og tala med ein blyant på papir- ikkje med ein finger på iPad.

Dei digitale læreverka er billegare enn papirbøker. Molde kommune satsa for nokre år sidan bevisst på digital kompetanse og leigde inn Rikt som hadde foreldreopplæring på iPad. Det var grundig gjennomført. Oppfattinga var at denne digitaliseringa skulle fungere som eit supplement til skrivinga og lesinga som ellers foregjekk i skulen. Eg manglar å sjå eit politisk dokument der det står at Moldeskulen skulle bli heildigital innan få år og forkaste dei analoge bøkene heilt.

Dei seiast at digitale løysingar er framtida. Leseforsking ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, viser at elevar i undersøkinga hadde svakare leseforståing på skjerm enn på papir og at dei svakaste lesarane sleit med skjermlesinga (Strand, 2017). Høgskular og universitet nyttar framleis bøker og kompendium som studentane er forventa å lese. Eg forstår at ein årleg pakkelisens er rimelegare enn innkjøp av papirbøker. Det er like fullt slik at bøkene betalast berre ein gong og kan brukast i fleire år, medan elevlisensen på digitale verk må fornyast årleg. Kan ein tenke seg at Moldeskulen kunne kombinere det digitale og analoge på ein meir heilskapleg og utfyllande måte, slik at elevane våre ikkje lengre vert digitale prøvekaninar og mistar evna til djupdelesing.

Det opplevast frustrerande at borna får begrensa middel til skulegang i ein alminneleg kommune i eit av verdas rikaste land. Eg ønsker den beste grunnskuleopplæringa for mine, naboen sine og heile kommunen sine born. Eg synest det er trist at Molde kommune ikkje har råd til å prioritere lærebøker og nok bemanning i grunnskulen. Skal du satse på skulen, må du satse på elevane og lærarane, og det forventar vi foreldre at skuleeigar for Moldeskulen gjer i neste års budsjett.

Kjelder FAU-leiarar i Molde kommune (30.09.22): ”Vi foreldre er alvorlig bekymret for varslede kutt i skolen”: https://www.rbnett.no/meninger/i/O8rr1E/vi-foreldre-er-alvorlig-bekymret-for-varslede-kutt-i-skolen

Hovde, Katarina (28.09.22): “Har spart flere millioner på streiken: Dette sier Molde kommune”: https://www.rbnett.no/nyheter/i/on6d9j/har-spart-flere-millioner-paa-streiken-dette-sier-molde-kommune-om-pengene

Kunnskapsdepartementet, Opplæringslova (1998): https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61#KAPITTEL_1

Midling, Anne S. (15.09.20): “Derfor blir barn smartere av å skrive for hånd”: https://forskning.no/barn-og-ungdom-hjernen-ntnu/derfor-blir-barn-smartere-av-a-skrive-for-hand/1742792

Strand, Maria G. (27.09.17): “Vi overvurderer hvor godt vi leser på skjerm”, https://utdanningsforskning.no/artikler/2017/vi-overvurderer-hvor-godt-vi-leser-pa-skjerm/

Vingen, Anita (08.10.22): “AP-veteran vil ha strukturdebatt på desse skolane”: https://www.rbnett.no/nyheter/i/XbqpL7/ap-veteran-vil-ha-strukturdebatt-peiker-paa-desse-skolane

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal