Men så kan vi i dag lese at dette digitale biblioteket må reduserast med om lag 100 000 bøker, fordi Nasjonalbiblioteket ikkje har økonomi til å drifte dette arkivet. Det er snakk om ei innsparing på 7 millionar kroner, pluss trugsmål om nye budsjettkutt på 22 millionar. Kva ein slik reduksjon betyr med tanke på vår kollektive historie- og kulturkunnskap, nasjonalkjensle etc, synest det ikkje vere laga vurderingar eller rekneskap på.

Samtidig blir det kjent at Solbergregjeringa i 2020 i sin privatiseringsiver selde heile den staselege nasjonalbibliotekbygningen i Oslo frå 1914 til ein svensk eigedomsgigant, og at det i dag er ulike bankar og eigedomsselskap som eig heile den statlege eigedomsmassen som det statlege Entra tidlegare åtte. (jf Klassekampen 24/4-2023).

Kva hjelper det vel å vere rik på pengar – når vi ikkje har vilje eller vett til å ta vare på våre nasjonale verdiar og skattar?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal