Dette vitnar om blind ideologisk misunning, og manglande forståelse for norsk næringsliv i privat sektor. Bergstø tek ikkje innover seg dei verdiane Røkke og andre har skapt gjennom industri og næring, til stor gevinst for samfunnet.

Når Kjell Inge Røkke har gjennom sitt virke gjennom mange år skapt omlag 18 000 arbeidsplassar, og enda fleire i leverandørindustrien. fleirfaldige milliardar i skatteinntekter både direkte gjennom konsern og gjennom kva arbeidsplassane genererer. Det same gjeld heile privat sektor, med både industri og næringslivsom sysselsett 7 av 10 nordmenn i arbeidslivet.

For om SV får viljen sin vil det fort bli lite norskeigde arbeidsplassar. Som om ikkje regjeringa allereie har eit dårleg nok rykte på seg i å vere industri og næringsfiendtlege.

Norsk Industri fryktar at ei auke i formueskatten er ein kraftig brems i investeringsevne.

Dette i ei tid der nettopp utvikling og investeringar er heilt nødvendig. Skal vi klare både den grøne omstillinga og etablering og utvikling av nye industriar, treng vi kapitalsterke investorar som er villige til å satse på norske arbeidsplassar.

Konsekvensen av SV si harde linje fryktar vi vil verte utflagging av norske arbeidsplassar og meir flukt av sårt trengt kapital. Kjell Inge Røkke betalte over 100 millionar i året i formueskatt til si tidlegare heimkommune.

No etter han flytta får dei ingenting. Eit reint tap for Asker kommune altså. Konsekvensen av SV sin politikk med hardare skattlegging og exitskatt vil paradoksalt nok fort bli det stikk motsette av SV sin intensjon. Vi vil gjerne at rike skal kunne yte «meir etter evne», men vi og KrF trur vi må gjere det på ei langt smartare måte enn å true og tvinge. Skatteinntektene vi får frå arbeidsplassar og bedrifter som satsar, og utviklar lokalsamfunn som resultat av investeringar, er langt meir fruktbare. Den «Haugianske kapitalismen» kan ein kalle det. Der overskot frå ei godt driven bedrift går til å reinvestere og utvikle bedrifta, og vidare etablere nye bedrifter og arbeidsplassar. Denne forma for sosialt entreprenørskap var det som bygde landet nedanfrå og opp. Det er ein grunn til at omlag 95% av norske bedrifter er små og mellomstore bedrifter spreidd over heile landet. Det er desse som gir arbeidsplassane i distrikta. Alle desse treng kapital for å etablere og utvikle seg. Heilt vanlege folk som jobbar hardt for å utvikle livsprosjektet sitt, som gjerne har gått i arv i generasjonar.

Kirsti Bergstø og SV viser ei manglande forståing av privat næringsliv som heilt nødvendig for å finansiere velferdsstaten. Er dette politikken til SV, og i utvidelse regjeringa om SV får gjennomslag for sin politikk i budsjettet, vil dei færraste investorar ha lyst til å satse på norske bedrifter. Det vil vere drepen for norsk eigarskap til industribedrifter og privat næringsliv.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal