På side 16 i måndagens RB snakkar Bjørn Samset om miljøkrisa, utan å gje særleg konkrete svar på kva vi skal gjere anna enn å flyge litt mindre og spare litt på straumen. Biskopen vår seier i same artikkelen at vi må ‘halde samtalen i gang’, og på side 20 har avisa to bilete av eit CO2-spyande cruiseskip-monster. Det illustrerer kor schizofrent samfunnet vårt er i denne saka – vi har kunnskapen om situasjonen, vi snakkar og snakkar – men held i det store og heile fram som før, berre med meir eller mindre kosmetiske tiltak og planar som dempar uroa og lettar dårleg samvit for generasjonane som kjem etter oss.

Det er bra med samtale – i kyrkja si verd kan nok samtale i stor grad løyse problema, men i miljøsamanheng må det meir til – vi må gjere noko praktisk og konkret. Berre medan eg las artikkelen i RB tikka det inn tre e-postar med reklame, slik det dagleg gjer – ‘kjøp flottare sportsutstyr på vårt eineståande tilbod torsdag og fredag’, ‘kjøp nytt kjøkkenutstyr til ekstra rabatterte prisar fredag og laurdag’, ‘bli med på vårt cruise til Antarktis – en fantastisk naturopplevelse’. På eine sida snakkar vitskapsfolk og styremakter om miljøkrisa, dei snakkar om tiltak men gjer lite, på andre sida jobbar næringslivet det det kan for å få oss til å kjøpe meir, forbruke meir. Slik er vårt samfunn schizofrent, det er ei temmeleg komplett spalting mellom forståing og handlemåte – bortsett frå snakket. Det er jo slik at det er forbruket vårt og levemåten vår som har skapt og forverrar miljøkrisa. Det vi forbrukar i dag, er i verkelegheita framtida til etterkommarane våre.

Dei færraste fagfolk og politikarar nemner at vi må endre levemåten vår om vi skal vinne over miljøkrisa. Men vi kan ikkje halde fram som no – teknologiske løysingar kan nok utsette kaoset og katastrofen, men neppe forhindre den. Frå kyrkja si verd kjenner vi begrepet ‘omvendelse’ – det vi treng er ein ‘omvendelse’ når det gjeld forbruk og miljø – slik har biskopen rett i at det er viktig å ‘halde samtalen i gang’. Men omlegginga av samfunnet vil måtte bli stor, og det er også faren for å få eit delt samfunn. All feilinformasjonen på sosiale media og folks vilje til å tru på den, vil bli eit alvorleg problem i eit demokratisk samfunn. Så stort at eg dessverre tvilar på om ein vil greie å få dei breie lag i folket med på dei tiltaka som må til – det vi gjer nå for er ‘for lite for seint’, og vi kjem nok til å halde fram med det. Sic transit gloria mundi.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal