SV som parti tåle godt sitt eiga mot NATO standpunkt, men tåle ikkje eit Libya til. I Norge finns det mange krigsmotstandarar, pasifistar, freds og nedrustingsfolk som ikkje er dummare enn at dei vil ordne seg med eit parti. Eg håpar det partiet er SV.

Så forstår eg godt dei som vil lage eit breiare folkeparti av SV. Vi veit at folk flest vil ha eit liberalt samfunn og er opptatt av orden i økonomien, rettferd, likestilling og likebehandling i alle høve, miljø, distrikt og dyrevelferd. Alt dette kjempar SV for og vil normalt være valgvinnarar.

Internasjonal solidaritet og antimilitarisme eller helst kalt fred og nedrusting er det litt verre med. Folk er for desse sakene og, men dei blir sjelden rekna for å være gode valgsaker og kan til og med kanskje være til hinder om ein vil bli eit breiare folkeparti. Men skal eit parti snu kappa etter vinden eller jobbe på der vi starta?

Gorbatsjov og Reagan fjerna mange atomvåpen og mykje bra skjedde då muren falt, men den historiske sjansen for fred og samarbeid glapp. Dette er godt forklart av Aftenposten sin tidlegare utanriksredaktør Ulf Andenæs som satt ringside og rapporterte frå NATO møtet i 1994 der tøveret kunne ha blitt omskapt til forpliktande samarbeid. Skal vi halde kjeft om dette nu når krigen rase og ukrainerane sloss for liv og heim?

Reagan og Gorbatsjov si arv har ingen tatt vidare og Russlands krig mot Ukraina er i europeisk samanheng lavmålet hittil.

Sjølv argumenterte eg mot, men stemte for våpenstøtte i to omgongar i landsstyret til SV. Eg trur ikkje på at meire våpen gjer fred, men forstår at i ein bestemt situasjon kan det være slik.

Det er ikkje berre SV som har forsøkt å få NATO til å være ein forsvarsallianse. I staden kom Out of area strategien og Europa prøvde fortvilt å holde USA i folden.

USA sin åleienegang viste seg på Balkan med at dei ville ikkje ha NATO sine prosedyrar for å undersøke mål før avfyring. I Afghanistan blei krigen inndelt i ISAF og den USA leia Enduring Freedom for at ein det heile skulle kunne være i lag.

NATO er i seg sjølv byråkratisk og har ein eigen organisasjon for å be medlemslanda om styrkebidrag. I Norge kunne vi berre håpe på å bli spurt om bidrag som ville være politisk muleg.

Marinebasen eller ubåtbasen Olavsvern i Tromsø blei solgt til eit russisk firma, kystfort for milliardar blei ikkje tatt i bruk, investeringane i Lyngen linja er knapt i bruk og samtidig snakka ein om Nordisk forsvarssamarbeid.

Eg foreslo i landsstyret i SV hausten før Russlands krig mot Ukraina 3-4 konkrete områder vårt forsvar kunne samarbeide med dei andre nordiske landa om. Dette var felles vedlikehald av stridsvogner, luftforsvar mm og alle innretta på å spare pengar for å få ned utgiftane til militæret. Nedstemt der som overalt ellers der Nordisk forsvarssamarbeid har blitt forsøkt konkretisert.

Men nu når Sverige og Finland skal inn i NATO då skal det bli! Og uansett korsen Nordisk samarbeid kjem til er det bra om det skjer. SV sitt NATO standpunkt trengs ikkje endres av den grunn fordi det står ikkje på alliansetilhørigheit, men på politisk vilje til å se militærutgiftane i Norden under ett og investere og drifte deretter. Slik at den nordiske modellen, verdskjent som han er kan bestå.

20 milliardar kan vi spare om vi ikkje kjøper nye stridsvogner. Forsvarssjefen tar opp ein gammel sak frå ein tidlegare forsvarssjef. Ramaskrik i Forsvaret. Finnmark skal overgis. I Sverige og Finland reageres det med at deira soldatar skal forsvare Norge.

Det er jo dette som er Nordisk forsvarssamarbeid om vi vil ha det i praksis. Ingen har saldert sine budsjett med forsvarspengar meir enn SV, men vi gjer det ikkje nu lenger. Vi har og vunnet respekt i forsvaret med å sette forsvarsevne foran distriktspolitikk, sjølv om desse ikkje treng å være motstridande. Vi vil være med på å bygge opp meir nasjonalt forsvar uavhengig av USA og NATO. Nordisk samarbeid gjer dette muleg.

Ståa i dag er at militærvesenet står for ein stor andel av co2 utsleppa. USA har, rimeleg nok sett frå deira ståstad, fått dei europeiske landa til å betale for eigen tryggleik når 2 prosent av BNP nu skal gå til militæret.

Målet må være heilt andre vegar til ein trygg verden der miljøet lenge har vore på Pentagon si topp ti liste over truslar.

SV sin politikk mot atomvåpen, for fred og nedrusting og nordisk samarbeid trengs meir enn nokken gong. Eg trur at folk flest er med oss på ferden også om vi held på vår motstand mot NATO.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal