Tidlegare er  det gjort vedtak om at senteret skulle avviklast i det eksisterande bygget, og flyttast til eit anna bygg i nær tilknytning til Volda sjukehus.

Som folk flest veit, er det mange som har fått livet tilbake etter eitt eller fleire opphald på Mork. Senteret ligg fint til, og at det var gode lokalitetar i si tid. Dessverre er senteret i dag nedslitt. Vedlikehald har tydelig ikkje vore prioritert i dei senare åra. Tidlegare var det fast vaktmeister på Mork,  noko det ikkje har vore på mange år. Når det daglege/jamnlege vedlikehaldet blir prioritert bort, så går det som det har gått. Bygget er nedslitt.

Det er i desse dagar 28 år sidan første gongen eg var på Mork i embeds medfør. Då var eg saksbehandlar for rehabiliteringstenesta hos fylkeshelsesjefen i Møre og Romsdal. På Sunnmøre var det Mork Rehab.senter, Nevrohjemmet Rehab.senter og Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering.  Det var eit svært godt samarbeid mellom desse institusjonane. Eg har gjennom åra vore på Mork mange gongar, også som pårørande og som representant for kommunal helseteneste . På Mork blir alt arbeid grundig gjennomført. Pasienten er i fokus, og det er eit godt tverrfagleg samarbeid omkring den som er blitt råka av sjukdom eller ulykke.  For fleire år sidan vart Nevrohjemmet lagt ned, og no er det Mork som igjen er i faresonen.  Kompetansen som er på ein institusjon ligg ikkje i bygningane, men i fapersonane som arbeider der. Om rehab.plassane skulle blitt flytta til nybygg knytta opp mot Volda sjukehus, så hadde det vore synd, men ikkje katastrofalt. Det som er katastofalt er å flytte plassane  til Ålesund. Det blir for langt for fagpersonane å pendle. Kompetansen vil smuldre bort. Kva står vi igjen med i Møre og Romsdal? Sjølv om mange kommunar har utvikla god kompetanse på rehabilitering vil det  i all framtid vere behov for spesialisert rehabiliteringstilbud. Folk får framleis alvorlege funksjonshemning etter sjukdom eller ulykke. Mange er då avhengige av tilbodet som blir gitt ved Mork.

Det er ikkje meir  enn vel ei veke sidan eg sist var på Mork på besøk hos nær slektning som er innlagt der. Han melder i dag om stor skuffelse både hos personalet og pasientane som er der pr no.  Min skuffelse er også stor. Kanskje er skuffelsen størst over dei styrande myndigheiter. Kvifor skal det ikkje vere pengar til at folk skal få verdige liv til tross sjukdom og ulykker? Kvifor skal det ikkje vere midlar til å løne vaktmeistrar eller fagfolk som jobbar nært pasienten?

Og eg undrar meg over så mangt: Alt skulle bli så mykje bedre når fylkeskommunane ikkje lenger skulle vere ansvarleg for spesialisthelsetenesta. Helseforetaksmodellen har vore ein katastofe for norsk helsevesen. Etter mitt syn har alt for mykje midlar gått til høgt løna direktørar, mens nødvendige vaktmeistrar f.eks. og andre nødvendige personar som jobbar pasientnært har vore fjerna.

Overskrifta mi:  I dag forstår eg ingen ting. Nei eg gjer ikkje det. Og eg trur det er mange andre også som ikkje forstår kva dette dreier seg om. Om ein får eit godt rehabiliteringstilbod, f.eks. etter eit alvorleg hjerneslag, så kan det bety eit aktivt og godt liv i mange år framover. Får ein ikkje rehabilitering kan det bety mange år som hjelpetrengande, evt. i bolig med døgnbemanning. Er det bedre?  De som sit i posisjonar med makt og myndigheit må heller jobbe aktivt for å påvirke til at det blir løvd meir pengar til sektoren. Vi veit alle at sjukehussektoren i Møre og Romsdal, og i landet forøvrig, er underfinansiert. No må dette snu. Tilsettemå  få arbeidsro til å jobbe med det som er helsevesenet si primæroppgåve: Å utøve gode tenester for pasientane. Det kan helsepersonellet!

Til styret i Helse Midt Norge, de som har det siste ordet: Set dykk inn i kva dette vil bety for enkeltpersonar. Plutselig er det du eller ein av dine. Eg har opplevd 2 gongar at mine næraste har hatt behov for spesialisert rehabilitering. Og takkar for at tilboda eksisterte då.

Molde/Hustadvika 14.12.2022

Med optimistisk helsing

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal