Slik det er no kan alle tinge seg straum, anten dei skal lage bitcoin til å betale Tik Tokgreier eller søle vekk masse energi for å lage hydrogen. Alle som vil ha skal få, er omkvedet. Så snur kraftprodusentane seg andre vegen og klagar seg over at det går så seint å bygge vindturbinar på alle fjell.

Viss Naturvernforbundet bestemte at alle eigarane av kraftverk må skru av straumen heime hos seg, så reknar eg med at vi ville få høyre noko. Slikt går jo ikkje an. Men har kraftprodusentane rett til å skru av naturen for at det skal bli meir straum?

Omtrent 70 % av all vasskraft er bygd ut. Nyleg bestemte verda at 30% av naturen skal vernast. Då er vel saken ganske opplagd. Så får vi velje om vi vil mase om at vi må ha meir kraft – må ha meir. Eller vi kan velje å skrumpe inn litt på unødvendig verksemd og klare oss med det vi har – bruke det vi har. Politikarane må velje, men det er berre den eine retninga som fører til ei løysing.

Vi menneske har ein veldig dårleg eigenskap: Vi klarar ikkje å innsjå at vi har nok. No blir vi nøydde anten vi vil eller ikkje. Vi har det forferdeleg travelt – vi må gjere det no. Vi må skunde oss å bruke mindre.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal