Ap styrer Møre og Romsdal fylkeskommune, og Kjølmoen lovde kutt i ferjeprisane, det heile Møre og Romsdal no opplever også på Åram, er 24 million kr i ferjekutt som rett og slett er AP samt SP i praksis!

At det er mulig å opptre på ein slik måte, når ferjetilbudet blir brutalt kutta i Møre og Romsdal, vanlige folk fortviler og Kjølmoen forsøker å framstå seg sjølv som ein helt? Nei jammen ta, dette blir rett og slett for dumt Per Vidar Kjølmoen, kven trur du at du klarer å lure? Når regjeringa presterer å radbrekke norsk økonomi, skyhøge straum, drivstoff og matprisar og renta fyk til himmels, så er dette dei faktiske forholda for vanlige folk og næringslivet. Folk mistar jobbane sine og har det vanskeleg, og betre blir det ikkje når ferjetilbodet blir redusert. At SP og AP ikkje har fått med seg dette er rimeleg tydeleg, og er rett og slett berre utruleg. Kanskje ikkje veldig utruleg, når Kjølmoen presterar å skryte av eit møte som oppstod fordi AP raserar ferjetilbodet her i fylket, forstod du Kjølmoen kvifor folk var fortvila i Åram ang ferjetilbodet og kven som har ansvaret for dette? Men, no er det slik at vanlige folk teller ned kvar ein einaste dag til nye valg, fyrst kommune og fylkestingsvalg der AP må geleidast ut av fylkeshuset før dei øydelegg meir.

Så er det berre å vere tolmodige i ca 2 år, til ny regjering blir sett inn. Jobben blir ikkje akkurat liten med å rydde opp etter SP og Ap i regjering, og slett ingen liten jobb her i fylket heller. Så kan eg love Kjølmoen at eg faktisk er her i fylket, og det er sikkert vanskeleg for Kjølmoen å være alle stader folk protesterer kraftig mot regjeringa, for eg såg ikkje snurten av verken SP, AP eller Kjølmoen når ca 3000 protesterte i fakkeltog mot nedlegginga av Mork og kutt i helsetjenestene frå regjeringa.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal