SP sin Kristin Sørheim sa det rimeleg treffande i RB:

Ingen ting av det regjeringspartiene lovet da de var i opposisjon, er innfridd når det gjelder samferdsel. Vi får ikke penger til å vedlikeholde fylkesvegene, og ferjedrifta er fortsatt underfinansiert. Det fører til at vi må kutte i vedlikeholdet av vegene og kutte i ferjetilbudet, sier fylkespolitiker Kristin Sørheim (Sp).

Kunne ikkje fått sagt det betre sjølv, og viser SP og AP i praksis. Dei skyhøge drivstoffprisane og andre kostnadsdrivarar som regjeringa ikkje har løfta ein finger for, gjer at fylket må kutte brutalt i budsjettet. Dette betyr kutt i ferjetilbudet som også rammar dei sambanda som har blitt gratis.

Fylket må innan samferdsel kutte fleire hundre mill kr, og dette vil merkast i ferjefylket. Kvar er «ferjepolitisk wonderboy» blitt av?, har nokon sett Kjølmoen?

Nei, sjølvsagt ikkje. AP er ikkje interessert i konsekvensen av sin eigen politikk, som faktisk fører til dårligare ferjetilbud på fylkesvegferjene i heile fylket. FrP har fremma mange framlegg på å kutte drivstoffavgifta, noko som hadde spart fylket for enorme summar. Dette hadde ført til at ferjedrifta kunne haldast på dagens nivå, og kutt i drifta kunne vore unngått.

Men neida, AP og SP stemmer dette ned, og lar transportsektoren berre forvitre. Greinalaust er det berre å seie om heile SP og AP i regjering, no er det vanlige folks tur til å få tømt lommeboka pga svindyr straum, drivstoff, mat, og renta fyk til himmels.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal