Ut på nyåret brukar dette å snu seg og faren er over. Det er ikkje sikkert at det skjer denne gongen. Det som er sikkert, er at lønn er den største utgifta kommunen har og dei tilsette er den viktigaste ressursen. Molde SV godtek ikkje kutt i oppvekst og eldreomsorg, men vil gjerne være med i lag med dei tilsette å sjå til at drifta blir betre.

Budstikka melder at politikarane fikk seg ein økonomisk kalddusj. Ikkje i det heile tatt! Eg veit at det kostar å bygge Idrettens Hus, Årølia skole og Lillekollen barnehage. Sellanrå skole og Vågsætra skole måtte og rehabilteres og nybygges. Vistdal bofellesskap for eldre må med. Dette er investeringar for framtida vi ikkje kan være utan og det gjer oss renter og avdrag som skal betales. Dette er velferdsstaten på sitt beste realisert i Molde. Det er ikkje overforbruk å satse på eldreomsorg, barn og unge. Overforbruket er uløyseleg knytta til historisk høgt privat forbruk hos mange av oss. Noko ikkje alle har råd til.

Eg veit at Sjøfronten er kai, kai og kai pluss gode muligheiter for tilstøtande gårdeigarar, som i lag med Hamnevesenet har bidrege med lommerusk. Ordføraren hadde det travelt, og å legge press på desse to sentrale aktørane, var alt for mykje å forvente. Eg er for Sjøfronten, men hørte aldri at kommunedirektøren eller økonomisjefen kom med argument for at desse aktørane kunne bidra med meir pengar..

Økonomisjefen la i høve budsjettet for neste år fram nokken samfunnsøkonomiske betraktningar, men i lag med kommunedirektøren nekta han å gå inn på kva dei kan gjere noko med. Kommunestyret vedtok einstemmig: « Administrasjonen bes vurdere årsakene til bruk av opp mot 40 millioner kr i overtid og vikarbyrå i Helse og omsorg opp mot arbeidsmiljø og sjukefravær for å se om besparende tiltak kan settes i verk.» Politisk interessant at eit knapt fleirtal i formannskapet blei til einstemmigheit i kommunestyret.

Per august var det brukt 38,1 million kr i overtidslønn og til vikarbyrå. Om ikkje dette stoppar kan opp mot 80 millionar svies av her. Mitt inntrykk er at kommunedirektøren kjører på kontroll og ikkje tillit. Når turnusar lages er ikkje tilsette og pårørande involvert. Tilsette sluttar og vikarbyrå rykkar inn. Kva tid skal kommunedirektøren og økonomisjefen ta tak i desse utgiftane så dei ikkje blir til faste utgifter?

Kor er vurderinga i høve grunnbemanning, heile stillinger og konsulentbruk? Helse og omsorgsutvalet kunne vore pådrivarar her, men har abdisert og latt kommunedirektøren ta over butikken. Leiaren i utvalet seier at når ein klistra opp ein tidsmålar heime hos folk, som dei tilsette i heimetensten skulle logge seg inn og ut av fikk ein mykje verdifull informasjon. Eg har ikkje fått vite kva denne informasjonen er. Eg veit at fleire av dei tilsette kjente seg overvåka og mange lurte på kva som blei hengt opp i heimane deira. Så sei det litt at ein ikkje veit kva som går føre seg i ein omsorgskrins. Ein kan jo spørre dei det gjeld, dei pårørande og dei tilsette.

Bo og habilitering har uløyste utfordringar frå tidlegare år, men klarar allikevel å ta på seg nye oppgåver med fleire nye brukargrupper. Frå før veit vi at utanbys konsulentar har vore med å legge opp drifta. Med resultat at Statsforvaltaren blei kobla inn. Som politikar skulle eg gjerne visst meir om kva som foregår slik at eg kunne bidra med politiske vedtak til beste for brukarane. Ein god start er rapporteringa for Molde kommune per 2. tertial der dei ulike einingane forklarar både opp og nedturar økonomisk og driftsmessig. Det er kun innsyn i kva som går føre seg ute i kvar eining som kan skaffe fram gode politiske vedtak til beste for dei tilsette, og som vil gjere kvaliteten på tenestene til brukarane bedre.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal