Aukra kommunestyre var positiv til grensejustering og tilknytning til Aukra kommune slik innbyggjarane i Ona, Sandøya og Orta ønska.

Aukra kommune engasjerte seg derfor, etter mitt syn i eit godt og gjensidig samarbeid med representantane for øy-folket, med dialog og mange møter på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Ålesund og Sandøy kommune med fleire, og ikkje minst «fylkesmann», no Statsforvaltar, deltok også i fleire fellesmøte.

Kommune-reforma som regjeringa Solberg skulle gjennomføre fekk ein traurig start. Der mogleg medverknad og dialog , dessverre vart erstatta med: den som ikkje vil skal, om nødvendig med tvang.

I vårt fylke og vår region var det også mange storkommune-tilhengarar, og det var også etter deira syn berre ein farbar veg for kommune-Noreg sine innbyggjarar, i Romsdal og elles: stor, større, størst. I motsett fall ville sutteklut og sotteseng bli framtids-aktiviteten for mange.

Undertegnede tillét seg under eit sokalla «storkommune-møte» i Molde følgjande lovnad i plenum: Dersom utfallet om «ein storkommune» i vår region vert beslutta, vil eg ro Nyhamna -Easington tur-retur. Fleire melde seg og ville gjerne delta med å «hamle på». Fornuftene sigra over storkommune-syndromet, og roinga kansellert. Heldigvis.

Det var som kjent ikkje alle i og utanfor fylket vårt som syns noko om initiativet frå øy-folket om å tilhøyre Aukra kommune og kyst-Romsdal. Derfor var det påfallande og meir enn det når enkelte omtrent utan grunn, forsøkte å vise til «stor usemje» i Aukra kommunestyre om kommunereformen. Med dertil ny tilhøyrsle for Aukra kommune ville sannsynligvis bli utfallet.

Bernhard Riksfjord Foto: ERIK BIRKELAND

Der Aukra Høgre sine verbale og konkrete forslag, av enkeltpersonar ved forskjellige høve, vart tatt for både fakta og sanning. Der det beste for Aukra - og kommunens innbyggere ville være å bli innlemma i ein «storkommune».

Forslaget lydde : «Aukra kommune slår seg saman med ein eller fleire Romsdakskommunar med Molde som kommunesentrum», sitat slutt.

Det vart også vist til at Aukra Næringsforum som gjennom uttale og intervju i media, meiner at ein «storkommune» vil være særs viktig og riktig.

Fakta om behandling og vedtaka i Aukra kommunestyre var vel ikkje like interessant å formidle, men storkommune forslaga vart som kjent også avvist under siste behandlinga i kommunestyret med stemmetala 16-5. Det var og er fakta, og ikkje påstandar.

Derfor var det både uforståelig, umusikalsk, respektlaust og udemokratisk, når regjeringa Solberg beslutta at Ona og Sandøya skulle tilhøyre «nye» Ålesund kommune. Sjølv om eit stort, stort fleirtal av partar og personar, samt Statsforvaltar, tidlegare «fylkesmann» i Møre og Romsdal, også anbefalte regjeringa at Ona og Sandøya burde tilhøyre Aukra kommune i Romsdal.

Det er heldigvis forbod med tvangsekteskap i Noreg. Derfor bør Ålesund, kjent som ein demokratisk og rettskaffen kommune utan knussel, frivillig kunne gje slepp på ein partner som naturlig og ønska vil ha sin rettmessige tilhøyrsle til kystriket i Romsdal.

Og regjeringa Støre bør derfor vedta ei grensejustering i tråd med ønska. Det vil utan tvil være ei demokratisk og rettskaffen handling. Verre er det vel ikkje, og må derfor enkelt kunne gjennomførast.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal