Det er nemleg slik, at om du ikkje ber om noko anna, vil meldinga automatisk kome på bokmål. Og ikkje berre det: Dette vil og bli oppfatta som det generelle språkvalet ditt av det offentlege, og lagt inn i registera.  Ekstra viktig er det då at dei unge, som får skattemelding for første gong, er merksame på dette.

I Molde kommune syner statistikken at i 2022 valde 3615 skatteytarar nynorsk. Dvs. 15.4% 20227 valde bokmål. Det var og ein del som valde engelsk. Eit stort potensial for meir nynorsk i den språknøytrale kommunen!

- Eg håper mange ber om skattemeldinga si på nynorsk. Det viser styresmaktene at vi er mange som ventar å kunne kommunisere med det offentlege på språket vårt!, seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Kva må du så gjere for å endre språket? Er du mellom dei som får skattemeldinga på papir, er der ei eiga rute der du kan krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, og det er nok dei fleste etter kvart, må du logge deg inn på ww.noreg.no/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon.  Der kan du så, etter at du har identifisert deg, velje kva språk du ønskjer å vere registrert med. Der finn du òg kva anna kontaktinformasjon som er lagra om deg, så det kan også vere god grunn til å kike innom for å sjå til at alt er som det skal vere.

Romsdal Mållag og Molde Mållag

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal