Måndag arrangerte bygdefolket på Åram folkemøte om ferje. Over 150 personar i bygda hadde mobilisert. Eg var der saman med andre frå AP, Sp, H, Krf og V. Sve og Frp var ikkje å sjå.

Eg trur politikken blir betre av å reise rundt, sjå folk i auga og diskutere saker som folk er opptekne av. Det var slik vi i Arbeidarpartiet fekk løfta saka om halverte fergetakstar. Først var det noko einskilde medlemer i Arbeiderpartiet arbeidde for. Så fekk vi løfta saka opp i fylkespartiet, inn i programmet til Arbeidarpartiet og så vart det nasjonal politikk. Etter et drygt år i regjering har vi snart fullført heile den store reformen. Det står i enorm kontrast til dei åtte åra då Sve og Frp huserte på Stortinget.

Og hadde du vore på Åram, Sve, ville du også hørt den fantastiske innleiinga til Njål Sivertstøl, Vanylven Ap sin ordførarkandidat. Han tok valet om å flytte heim med familien, pendler til Ålesund og han er 100% avhengig av eit ferjetilbod som fungerer. Og no tek han kampen på vegner av lokalsamfunnet han og familien har vald å bli ein del av. Nokre gonger er det betre å møte heilt vanlege folk i staden for å skrive lesarinnlegg frå kontoret i Oslo. Du må passe på så du ikkje ender som Fantomet, Frank – Mannen som alle har høyrt om, men ingen har sett noko til!

Per Vidar Kjølmoen «Ferjepolitisk wonderboy» og næringspolitisk talsperson, Arbeidarpartiet

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal