Kontrollutvalet i kommunen skal undersøke om dei ulike tenestene vi vedtar, kjem fram til dei som treng det, at det er kvalitet på tenestene, og om dei kjem fram til dei som treng det mest. Men slik er det ikkje nødvendigvis. Dei mest sårbare borna, dei som slit med rus, og dei med psykiske lidingar vil som oftast ikkje bli omfatta av undersøkinga. Dei blir «avgrensa».

For å finne ut korleis det står til vert det laga eit såkalla Forvaltningsrevisjonsprosjekt, og der kan det heite: «Ein er einig i at det var nødvendig å gjere avgrensinga.» Slik går det føre seg når kommunestyret skal sjekke om tenestene vi løyver millionar til, er gode og når fram til dei som treng det. Dette er tenesteområda med suverent høgast sjukefråvær. Der det trengs mest hjelp og der det er tøffast å jobbe, ønsker ein ikkje å undersøke kor det går.

Møre og Romsdal Revisjon foreslo desse  avgrensingane til Forvaltningsrevisjonsprosjektet Hjemmetjeneste i Molde. Dette har blitt ein tradisjon som må brytast. Det første eksempelet eg kjenner til, var då kommunestyret i førre periode vedtok å ikkje ta med leilegheitene då Molde Eiendom skulle reviderast. Kommunestyret stemte imot SV sitt forslag om å ta dei med. Når vi veit kor viktig desse bustadane er for sosialpolitikken vår og for dei som treng ein ny start i livet, burde det vere av største interesse å finne ut korleis drifta og kvaliteten på dei er.

Då barneverntenesta for Molde, Aukra og Vestnes skulle sjekkast, var det på same viset. Gjeld ikkje for barna i bo og rehabilitering. Normalt er det Statsforvaltaren som kontrollerer barneverntenesta, så ein skulle tru det var bra eller nok.

Eg har sjølv vore med og sett på tilstanden der dei mest sårbare barna bor. Driftsutvalet var i førre periode på Røbekk sjukeheim som kanskje er forsvarleg, men reint teknisk var det dårleg standard. Eg hadde trudd at både forvaltningsrevisjon og media skulle følge opp tilhøva som kom fram. Men forvaltningsrevisjonen vil halde unna dei «avgrensa».

Ressursbruken er stor og lokale advokatar, vernepleiarar, psykologar sosionomar, barnevernspedagogar med fleire arbeider med å gjere livet betre for desse sårbare gruppene. Då skulle det berre mangle at vi og skal bestille Fovaltingsrevisjon på dette område som på andre. Men då må vi ikkje høyre på revisorar som alltid foreslår at dei mest sårbare ikkje skal høyres.

Kommunedirektøren på si side leiger inn konsulentar som foreslår tiltak som ender med at kommunen blir klaga til Statsforvaltaren då tenestene blir for dårlege og ikkje held lovens standard. Vi burde ha ein kultur i Molde kommune som tar dei som treng mest hjelp, og dei som skal gje den hjelpa, på alvor. Og ser ein på referatet frå siste møte i kontrollutvalet er bo- og habiliteringstjenesten no tatt med i utvalets arbeidsplan.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal