Det skal visst vere lurt med slike dagar i etterkant av feriar og julefeiring. Og utruleg nok: slike alkoholfrie dagar skal visst gi deg både betre matlyst og sex, rolegare svevn og sunnare helse! Ja, enkelte aviser kan – liksom Dagbladet 14/1-2023 - til og med fortelje deg at dersom du unngår alkohol ikkje berre nokre få dagar, men veker og månader, blir dei positive verknadene stadig større!

No skal du ikkje frykte at slike kvite dagar blir alt for vanleg. Media gir deg stadig oppdatert informasjon om nye øl-, vin- og spritsortar som du bør prøve, og på TV kan du stadig oftare sjå korleis alkohol høyrer med, anten det til dømes gjeld dansk strikkeferie i Noreg, kanalturar i England, eller på store idrettsarrangement som skal feirast. Personar som praktiserer «kvite dagar» heile eller mesteparten av livet sitt, er i landet vårt no blitt verneverdige og på raudlista og meir sjeldne enn i Italia eller Spania. Dette heng sjølvsagt saman med at talet på vinmonopol i Møre og Romsdal har auka frå 3 til 20 sidan 1997, og talet på sals- og skjenkeløyve for alkohol er meir enn tredobla. Det gjennomsnittlege alkoholforbruket i landet vårt har auka frå 3 liter rein alkohol pr person over 15 år i 1950, til 5 liter i 1990, til 7,44 liter pr person i 2021. Og trass i bekymringa over høge alkoholprisar, har alkoholen blitt stadig rimelegare jamført med varer og tenester elles.

No er alkoholforbruket i landet vårt om lag like stort som det var på 1840-50-talet, og ruskøyringa med bil aukar jamnt. Det er såleis ikkje rart at Venstre og andre liberale og «fremskrittsvennlige» parti ønsker å styrke og trygge økonomien og trafikken og folkehelsa i landet med å opne for lettare tilgang på cannabis og meir spennande rusmiddel!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal