I fagleg grunnlag for delvis bompengefinansiering som er foreslått for E39 Ålesund-Molde, trinn 1 Vik-Molde og fv. 662 Kjerringsundet, er det lagt opp til at trafikantar som køyrer mellom Gossen og Julbøen skal betale bompengar både for Fv. 662 Kjerringsundet og for E39 Nautneset-Julbøen (Julsundbrua). Forslaget frå Statens vegvesen er lagt opp i tråd med Vegdirektoratets fortolking av bompengeregelverket for å unngå moglegheit for kryssubsidiering mellom prosjekta.

Aukra kommune meiner sjølvsagt at det skal vera fritak for passering av bom for E39 Nautneset-Julbøen (Julsundbrua) etter passering av bom på Fv. 662 Kjerringsundet innan éin time (timesregel).

Fv 662 Kjerringsundet avløyser ferjesambandet Aukra-Hollingsholm og det er denne nytten vi skal betale for.

Utan slik timesregel vil trafikantane til/frå Gossen bli belasta uforholdsmessig mykje ved at vi må betale for ytterlegare eitt ferjesamband som ikkje inngår i dagens reiserute.

Vi i Aukra skal no endeleg få fastlandsforbindelse, og vi skal få gjennomført våre politiske mål om å knytte Aukra (øy og fastland) tettare saman. Vi er ein gasskommune, og målet er at vi snart vert ei energikommune med utvikling av Aukra som hydrogensenter med utstrekt næringssamarbeid med regionen og omverda. Derfor har vi i ei årrekke sett av midlar i fastlandsfondet for å nå måla våre.

Vi har ikkje tenkt å miste motet ved oppløpet.

Derfor jobbar vi no tett opp mot Stortinget, Fylkeskommunen, Statens vegvesen og andre aktørar for å få Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet til å endre si juridiske tolking av bompengeregelverket.

Odd Jørgen Nilssen, ordførar (H)

Audhild Mork, varaordførar (Ap)

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal