Siste store prosjekt, Nærlandsøybrua, har kome godt over 830 mill kr frå sine vel 350 mill kr som fyrste prisgrunnlag. Det same opplever ein på alt av samferdselsprosjekt i fylket, bruer, tunellar, veg, rekkverk osv.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen seier til SMP: – Kostnadsøkningene treffer oss midt i solar plexus. Vidare seier han: – Vi har nok ikke sett den siste kostnadsoverskridelsen. Om det er små prosjekter eller store prosjekter så opplever vi at alle får betydelige prisstigninger.

Dette er fakta, beinharde fakta som sjølvsagt gjelder alt av vegbygging. Forklar, kvifor skulle ikkje dette også gjelde Møreaksen? Det ser ut til å være i emning eit verkeleg stort under, når dei som ynskjer å bygge Møreaksen tviheld på sine totalt urealistiske prisanslag.

Møreaksen får sjølvsagt minst like store kostnadsaukar som resten av samferdselsprosjekta her i fylket og i resten av landet. Sannsynlegvis også vesentleg høgare då prosjektet verken har Ks2 eller på nokon som helst måte er byggeklar.

Med fakta prisvekst som har vore no og som blir lagt opp til framover, er ikkje ei dobling av kostnadane for Møreaksen urealistisk. Dette betyr at Møreaksen raskt vil bevege seg meir mot 50 milliard kr, sansynlegvis enda høgare.

Dette er realitetar ein ikkje kan snakke seg vekk ifrå, og når regjeringa no kuttar kraftig i vegbygging er sjølvsagt Møreaksen sjanselaus. Derfor må arbeidet med planlegging osv ikring Møreaksen stoppast øyeblikkeleg,

Den norske stat har alt kasta vekk nok pengar på dette håplause prosjektet som folket ikkje vil ha.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal