I generasjonar har elevar i 10. klasse fått lov til å reise kor dei vil på klassetur, men i år får vi ikkje lov å reise ut av fylket eingong. Sjølv om det ikkje lenger er koronarestriksjonar, får vi likevel ikkje lov å reise ut av Møre og Romsdal. Vi i 10. klasse ved Midsund skule synest det er veldig tragisk og trist.

Kvifor vil vi på klassetur ut av fylket? Jo, fordi vi har vi vore overalt, på kryss og tvers, frå Aure i nord, til Volda i sør, frå Sunndalsøra i aust og til Ona i vest. Alle i klassen har sett alt som ein kan sjå i absolutt heile Møre og Romsdal. Vi er lei! Vi meiner at klassetur burde handle om å lære om nye plassar og kulturar. Viss vi hadde fått lov å reise ut av Møre og Romdal, så hadde vi fått meir kunnskap om og inntrykk av korleis det er i andre fylker og på andre stadar.

Når det kjem til pengar, er det eigentleg ikkje noko problem. Vi forstår at kommunen ønsker at kvar enkelt elev ikkje skal bekymre seg for det. Men klassen vår jobbar hardt for å samle inn pengar til klasseturen vår. Vi meiner at sidan det er våre pengar, som vi har jobba for, må vi få lov til å bestemme kvar vi vil reise. Det påverkar ikkje kommunen på nokon som helst måte.

Molde kommune meiner at ein klassetur ikkje skal koste så mykje pengar, og at turen ikkje skal vere ein utgiftspost for elevane og deira familiar. Det vil det heller ikkje vere, for som sagt har vi jobba for denne turen både i 9. og 10. klasse.

Kommunen gir oss ikkje eingong pengar til turen. Kvifor skal dei bestemme kvar vi får reise når dei ikkje betalar, eller har noko med turen å gjere? Vi ved Midsund skule fekk aldri vere med på denne avgjerda, det synes vi er dumt fordi da fekk ikkje vi seie vår meining.

Nokre av jobbane vi har gjort for å tene pengar, er å vaske helsestudio, å selje fisk til heile gamle Midsund kommune, vi har arrangert Halloweenfest og planlegg karneval. Vi har til og med hatt i oppdrag å førebu besøk av Kompani Lauritzen, og vi rydda opp etter dei då dei var ferdige med filminga. Vi har også foreldre som er engasjerte og bruker ein del av fritida si på å planlegge klassetur, karneval og så vidare.

Ikkje berre har vi arbeidd hardt på fritida vår, vi har også delteke og fått premie i fleire konkurransar i skulen sin regi!  Vi vann Innovasjonscamp 2022, vi fekk fjerdeplass i Havløftet 2022 og sikra oss andreplassen i ei skrivekonkurranse som Molde Mållag arrangerte. I alle desse konkuransane har vi vunne ein sum pengar, og dei pengane skal vi bruke på turen.

Som sagt så har Midsund skule ein tradisjon for at elevane i 10. klasse får reise på ein lengre tur før dei begynner på vidaregåande. 2003-kullet drog til Island. Vi synes det er veldig trist at vi fekk beskjed om at vi ikkje fekk dra utanfor fylket på starten av skuleåret. Vi meiner ein bra klassetur ville vore ei perfekt avslutning på ti års skulegang. Sidan vi ikkje får dra på klassetur dit vi hadde sett for oss eller ynskja oss, så er vi redd for at dei framtidige klassene ikkje vil vise like mykje engasjement på dugnadar og arbeide for å tene pengar. Alt i alt er dette vår klassetur, ikkje Molde kommune sin!

Av Maria Sanden, Kristian Jenset Lous, Casper Sørlie, Lucas Sørlie og 10. klasse på Midsund skule

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal