Eg gjekk på ein nynorsk skule da eg vaks opp. Det var sju år på folkeskulen, eitt år på framhaldsskulen og to år på realskulen. På vidaregåande fekk eg sidemål. Det var bokmål, for alle elevane kom frå nynorskskular. Sidemålet hadde vi ikkje problem med dei fleste av oss, men det var alltids nokon som sleit med det skriftlege, både i hovudmål og sidemål.

Eg tok lærarutdanning på Hamar Lærarhøgskule, og da oppdaga eg at dei aller, aller fleste hadde bokmål som hovudmål. Og alle sleit dei med sidemål, som for dei var nynorsk. Eg tipsa dei om å lese nynorsk før skriftlege innleveringar, og like eins før tentamen. Edvard Hoem hadde kome ut med «Kjærleikens ferjereise» på den tida, eg foreslo at dei kunne lese den. Men det falt ikkje i god jord, dei kunne ikkje lese den boka, for dei forstod jo ikkje nynorsk. Det var fleire i min klasse som strauk i nynorsk sidemål.

Den første januar i år tredde den nye lova om at Norge skal ha to likeverdige skriftmål i kraft. Ut frå eiga erfaring veit eg at dei som går grunnskulen på ein nynorskskule har mykje større sjanse til å få gode karakterar i sidemålet bokmål når dei kjem til vidaregåande skular, enn om det er motsatt.

Men landet må følgje opp med undervisningsmaterial på nynorsk, på lik linje med material på bokmål. Det skjer dessverre ikkje. Nynorske lærebøker kjem ofte etter at skulen har starta om hausten, og digitale opplegg blir det laga veldig lite av.

Så det er ikkje lett å vera elev på nynorskskular, eller å ha nynorsk som sidemål. Eller å vera ei vaksen nynorskdame, for den del.

Eg finn mest aldri artiklar på nynorsk i avisa. Til og med intervju med nynorske forfattarar, slik som Edvard Hoem, blir skreve på bokmål. Og vekeblada, aldri noko på nynorsk. Eg likar å strikke, ser aldri strikkemønster på nynorsk. Finn eg oppskrifter på lekre matrettar på nettet, så står dei aldri på nynorsk.

No må nynorsken få den likeverdige plassen som det er bestemt at den skal ha!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal