Til styremedlemer i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt Norge, og til Helseminister Ingvild Kjerkhol

Vi har politikarar i regjeringa, og på Stortinget, som bevilgar så lite midlar til nødvendige (helse)tenester, at flinke folk som direktør Øyvind Bakke og hans stab, blir nøydde til å foreslå  nedlegging av eitt av dei beste kompetansemiljøa på rehabilitering som finst her i landet. Mork rehabiliteringssenter har utvikla tenester gjennom fleire tiår, som er unike. Dette har både eg og mange fleire skrive om tidlegare. Mange av oss som har skrive har opplevd det gode tilbodet enten ved at vi har trengt det sjølve, eller vi har vore nære  pårørande.

I årets sjukehustale sa helseministeren bl.a: «Vi skal fortsette arbeidet med å forsterke og forbedre verdens beste helsetjeneste. Og jobbe for gode helse og livskvalitet for alle. Dette står vi sammen om» Likevel bevilgar ho og hennar regjering alt for lite midlar til (spesialist)helsetensta  Og ho sei at sjukehusa/helseforetaka må sjølv finne ut kva dei skal gjere mindre av.

Ingen kjenner dagen før sola går ned:  Plutselig kan det vere eg eller du som treng dette rehabiliteringstilbodet. Kva er alternativet om  ein t.d. hardt ramma slagpasient ikkje får god rehabilitering. Mest sannsynlig blir vedkomande  hjelpetrengande resten av livet, kanskje med behov for sjukeheimplass. Og som vi veit, - sjukeheimsplassar er det heller ikkje overflod av i våre dagar. Plassar blir lagt ned, vi blir fleire eldre, vi lever lenger, og sjølv om vi er friske lenge, treng dei eldste eldre mykje hjelp  siste leveåra. Dette må helseminsteren ta høgde for når det gjeld bevilgning av midlar til i sin sektor.

Husk at kompetansen ligg i personalet. På Mork kan dei utøve sitt arbeid i omgivelsar som ligg til rette for gode opplevelsar for pasientane. Dette vil det vere svært vanskelig å overføre til trange sjukehusavdelingar, og ein kan heller ikkje rekne med at personalet tek ulempa med den lange arbeidsvegen til Ålesund.

Eg viser elles til det eg skreiv den 15. desember 2022 i lesarinnlegget: I dag forstår eg ingenting.

Vil du som sit i styret for Helse Møre og Romsdal, vere den som riv ned dette unike tilbodet som er bygd opp på Mork Rehabiliteringssenter? Og vil du som er medlem av styret i Helse Midt Norge vere den som godkjenner at dette tilbudet blir øydelagt?

Ta heller eit oppgjer med Helseministeren og fortel henne at midlane ho har tildelt er for små.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal