Helseforetaka utan politisk og folkevalgte styrer, lever sitt eige liv i sin byråkratiske verden, heilt på sida av folket. Det vi alle her i fylket har opplevd er eit helseforetak som ikkje bryr seg om folkevalgte nivå, eller innbyggjarane sine meiningar men berre turar fram på eige hand. I lang tid har dette «vesenet» fått rive sundt det meste av samarbeid mellom Nordmøre og Romsdal med sin rasering av helsetjenestene i Nordmøre. No har helseforetaket på nytt sett augene på ein ny region der helsetjenestene skal rivast sundt. No er det Søre Sunnmøre som skal få føle «vesenet» si makt, og der ein igjen ikkje verken bryr seg om folkevalgt system eller folket si vilje. Eit maktarroganse «vesen» iform av eit helseføretak med sitt udemokratiske ikkje folkevalgte styre, torer ikkje møte folket i fakkelaksjonen og lytte til folket ang Mork rehabiliteringssenter. Dette udemokratiske ikkje folkevalgte styret veit best må du vite. Med ein direktør som hissar seg opp over folket og dei folkevalgt sitt engasjement i saka, burde hatt seg eit kurs i demokratiske prosessar. Det er openbart for alle at helseforetaka må leggjast ned. Vi har ikkje bruk for eit byråkratisk, svindyrt, unødvendig nivå i drifta av helsetjenestene her i landet. Driftinga av noko av dei viktigaste tjenestene her i landet, sjukehusa og tjenestene ikring dette, må leggjast under demokratisk og folkevalgt styre igjen. FrP ynskjer helseforetaka lagt ned. Vi meiner att mest mulig av disponible midlar må gå til helsetjenester, og ikkje til drift av byråkrati og udemokratiske helseforetak. La Mork leve, Ikkje røyv fødetilbodet på Volda sjukehus. Bruk pengane på nødvendige helsetjenester til folket, og ikkje til udemokratiske helseforetak.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal