Møreaksen ligg langt bak alle desse oppstartsklare prosjekta + bak 4-5 prosjekt til med samla kostnad opp mot 100 milliard kr. Då forstår alle kvifor Møreaksen er sjanselaus og blir no skubba ut i øydemarka.

Men, SP sin Geir Inge Lien og AP sin Per Vidar Kjølmoen, nei dei har tydelegvis vore på ein anna planet og har ikkje fått med seg realitetane i eiga regjering. Dei to SP/AP karane skal vist berre få bygd Møreaksen dei, sjølv om realitetane, prioriteringar og Vedum sine statsbudsjett seier noko heilt anna. Kompetanseløyse kallar eg dette, og rett og slett useriøst.

Når E-136 vart lova oppstarta i år av Geir Inge Lien under konferansen ang E-136, måtte både Lien og Kjølmoen vite at dette ikkje stemte. Dei to måtte vite at statsbudsjettet kom til å bli kutta ang samferdsel og planlegging, og at dei store vegprosjekta vart utsatt, likeså at Nye Veier as ikkje fekk økonomi til oppstart av E-136 Romsdalen. Dette viste dei garantert. No blir endeleg planlegginga av Møreaksen stoppa, og det var jammen på tide.

All fokus på framtidige statsbudsjett må no ligge på at Nye Veier as får auka sine rammer slik at E-136 Romsdalen blir planlagt og bygd. Etter dette må det arbeidssted inn midlar til E-136 Moa- Tresfjordbrua, samt planlegging og oppstart av E-39 Veibust- Blindheim-Moa. Dette er dei viktigaste vegstrekningene her i fylket, og ikkje eit gedigent sløseri på ein veg folket ikkje vil ha til Molde for 2292 bilar i døgnet. Gjennom E-39 Blindheimstunellen går mellom 25-35000 bilar i døgnet, i pulserende når ferjekøene kjem blir trafikken enda verre. Ulykker på ulykker også fleire dødsulykker berre dei siste åra på denne smale tofeltsvegen er fasiten, og det må være eit krav at denne vegstrekninga blir prioritert og bygd ut straks.

Når har Geir Inge Lien og Per Vidar Kjølmoen tenkt å engasjere seg mot «dødsvegen» E-39 Veibust- Blindheim-Moa? Når? Er alle ulykkene og dødsulykker på denne vegen her med over 25000 bilar i døgnet uviktig for Lien og Kjølmoen? Når har SP og AP tenkt å prioritere dei farlege vegane i fylket, vegane med mest trafikk, og vegane som faktisk er Eksportvegar for næringslivet i fylket? No er det viktig at faktabasert vegkompetanse vert lagt til grunn, og at trafikkgrunnlag, ulykkesutsatte vegar og næringsvegar blir prioritert, - då må ein slutte med luftslottet til mange titals milliard kr slik som Møreaksen.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal