I formannskapsmøtet vart det sagt i eit innlegg, at forrige gang me søkte var Statsforvaltaren veldig klar på at det ikkje var grunnlag for å innvilge søknaden. Det er jo direkte feil! I 2018 tilrådde Fylkesmannen (Statsforvaltaren) ei grensejustering for Ona, Sandøya, Orta og Lyngværet.

I eit anna innlegg vart det sagt at kommunen leverer heimetenester heilt ut til Ona. Det stemmer ikkje. I dag er det ingen som på grunn av alder eller helseutfordring har behov for heimehjelp/heimesjukepleie på Ona/Husøya. Det siste 10-året har dei som har hatt behov for desse tenestene blitt nødt til å flytte til Harøya.

Under behandlinga i kommunestyret var 3 av 4 representantar som hadde bedt om ordet, og som var mot ei ny utgreiing, busette på Harøya. Det er det kanskje verdt å merke seg.

Det var veldig spesielt å høyre Sigmund Haugen (Ap) sitt innlegg, frå talarstolen i rådhuset i Ålesund. Ein vart sittande med følelsen av at ein fulgte eit kommunestyremøte i gamle Sandøy kommune. For innbyggarar på Ona og Sandøya kan det anbefalast at dei går inn på kommuneTV på kommunen sine heimesider og ser opptak frå møtet.

Jessica Gaertner (H) peika i sitt innlegg mellom anna på at kommunedelingsprosessar ikkje er enkle, noko som merkast dagleg i Ålesund kommune, og at ei grensejustering ville kreve ressursar.

Me vil minne om at i mars i år, i saka om Haram skulle få gå ut av Ålesund, stemte Gaertner og fleirtalet i Høgre-gruppa for kommunedeling, og samtidig for å søke om grensejustering for krinsane Vatne ,Tenfjord, Grytastranda og Søvik, slik at dei vart værande i Ålesund Håkon Lykkebø Strand (Frp) sikta nok til dette, når han i sitt innlegg undrast på korleis Høgre ville ha stilt seg dersom et kom eit innbyggarinitiativ frå Vatne/Tenfjord om ei grensejustering, at dei fortsatt hadde lyst til å være i Ålesund kommune.

Ville Høgre då ha stemt for grensejustering, midt i ein kommunedelingsprosess ?

Bjørn Sandnes (H) viser i sitt innlegg til at han veit om folk som vil bli fryktelig fortvila om Sandøya og Ona får gå til Aukra.

Til det er å seie at me kjenner mange som fikk ein tilsvarande følelse, etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2018 vedtok at Sandøya og Ona ikkje fekk følge Orta inn i Aukra kommune. At 87% av innbyggarane på øyane fremdeles vil til Aukra, talar for seg sjølv.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal