E-136 Romsdalen er prioritert som nr 1 her i fylket, medan Møreaksen som var langt ned på lista reiser med pengane! Heldigvis er det i Statsbudsjettet for 2023 frå SP, AP og SV ikkje sett av ei krone til verken planlegging eller noko anna av Møreaksen.

Frå før veit vi alle at regjeringa har stoppa arbeidet med mange av dei største vegprosjekta i landet til fleire titals milliard kr, grunna i den økonomiske situasjonen. Den nye regjeringa ser ut til å ikkje ville byggje veg! Prisstigninga på bygg og anlegg er på over 17%, på enkelte områder vesentlig høgare. Transport, bygg og anleggsbransjen er i kneståande med bakgrunn i dei skyhøge drivstoffprisane, som også sjølvsagt rammar vegbygging brutalt. Regjeringa sin utsettelse av store vegprosjekt fører sjølvsagt til at alt av prosjekt blir skubba betydeleg ut i tid. Kvart år desse prosjekta blir utsatt aukar kostnadane voldsomt.

Møreaksen ligg langt bak i køa i Vegdirektoratet sine planar. Før Møreaksen ligg mange prosjekt med sansynlegvis eit kostnadsnivå på mellom 100-150 milliard kr pga den galloperande prisveksten og kostnadsauken. Realismen for å tru at Møreaksen nokon gong i framtida blir bygd ebbar heldigvis ut, dag for dag. Historien vil nok sjå tilbake på det vanvittige sløseriet ved å bruke hundrevis av million kr til planlegging av eit prosjekt som det aldri skulle vore brukt ei kr på. Så har vi fortsatt nokre få personar, også i Høgre som febrilsk og fortvila klamrer seg til håpet om at Møreaksen blir bygd, sjølv om dei også sjølvsagt ser dei harde fakta i saka.

Førige NTP vart ikkje vedteken, og fekk ikkje nødvendig fleirtal. Den vart lagt ved protokollen utan at det var fleirtal bak nokon sitt opplegg. At Statens vegvesen brukar dette som grunnlag for å sløse vekk hundrevis av million kr på prosjekt slik som Møreaksen, framstår meir som «offentlig sysselsetting». Greit å holde offentlig tilsette i STVV i arbeid, men hadde vore ein fordel at dei brukte tida si på realistiske prosjekt som kan byggjast og reelt finansierast.

E-136 frå Ålesund- Bjorli står i stampe, og Samferdselsministeren bekrefter at det blir ikkje oppstarta i år heller, pga manglande pengar til Nye veier as. Statens vegvesen som har ansvaret for E-136 Ålesund- Vestnes holder på som i dei siste 20-30 åra, stort sett med « offentlig sysselsetting» med lite ny veg som resultat. Ser ut til at Statens vegvesen region midt ikkje vil ha ny E-136, men heller har lagt alle korta i potten på Møreaksen. Realiteten er at med dagens framdrift i prioritering, finansiering og realisering av store vegprosjekt av dagens regjering, vil det ta tiår før lista kryper bakover til Møreaksen nivå.

Slik er realitetane, slik er fakta og dette fører heldigvis til at vi alle forhåpentligvis snart kan avslutte historien om Møreaksen. Møreaksen, vegen som innbyggjarane ikkje ville ha, medan nokon få fekk holde på med å sløste vekk hundrevis av million kr av skattebetalarane sine pengar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal