Det er krig og konfliktar overalt i verden i dag, men Russland sitt angrep på Ukraina er i ein særstilling som den einaste krigen i dag, der ei stormakt går til direkte invasjon av ein nabostat.

I ei verd som er prega av ekspanderande kapitalisme og rivalisering mellom stormakter, har Russland gått til folkerettsstridig angrep og invasjon av nabolandet Ukraina. Rødt, og partiets forgjengar, har en historisk tradisjon for å gå imot imperialistiske overgrep og krigar. Partiet har også fulgt prinsippet om å forsvare retten til nasjonalt sjølvstende.

Krig medfører ufattelege lidingar for folk, natur- og miljø, infrastruktur og materielle øydeleggingar. Krigen i Ukraina har også store ringverknadar, særleg for den fattigaste del av verda på grunn av at eksport og produksjon av store mengder korn og gjødselproduksjon stoppar opp. Ein langvarig krig vil kunne påføre svoltkatastrofe som rammar den delen av verden særleg hardt. Difor er det viktig at alle gode krefter jobbar for ei fredeleg løysing på konflikten.

Norge må spele ei aktiv rolle for å få slutt på krigen slik at den ikkje eskalerer og spreier seg til andre land. Rødt Molde meiner at retorikken om å vinne eller tape krigen er uheldig språkbruk som ikkje skaper grunnlag for fredeleg løysing.

Diverre er stormaktene sin vetorett i tryggingsrådet eit hinder for at FN kan spele ei aktiv rolle for å hindre og stogge slike angrepskrigar.  Rødt vil at Noreg skal fremme ein politikk i FN som gjer at organisasjonen blir ein effektiv reiskap for å skape fred. Rødt Molde meiner at Norge må bruke sin posisjon i FN til å jobbe gjennom FNs generalforsamlingforsamling for å fjerne denne vetoretten og slik gjere FNs rolle sterkare i det globale fredsarbeidet.

Ein fredsløysing kan ikkje basere seg på den sterkaste sin rett, men på å sikre ei løysing basert på tryggleik for alle partar ved krigen sin slutt.

Russland sin angrepskrig mot Ukraina er eit uakseptabelt brot på FN-konvensjonen.  Utan våpen vil Ukraina bli overtatt av Russland og misse sitt sjølvstende. Ukraina har full rett til å forsvare seg og alle har ei moralsk plikt til å hjelpe.

Rødt Molde meiner vi har ei moralsk plikt til å hjelpe og for å skapa grunnlag for fredsforhandlingar. Det ligg til grunn for at Rødt Molde går inn for å gje våpen til Ukraina og at Rødt på landsmøte må gå inn for våpendonasjonar. Vi meiner at våpenkvile og fredsforhandlingar må komme i stand snarast mogeleg. Rødt vil samstundes streke under av vi står fast på at Norge ikkje skal selje våpen til land i krig, men at det i denne saka dreier seg om donasjon.

For Rødt Molde

Kjartan Kvellestad

Leiar

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal