Dei 2400 tilsette i Molde treng betre oppfølging i form av å delta i planlegging og organisering av arbeidet dei skal gjere. Dialogen her kan gjerne være i administrasjonsutvalet der personalpolitikk og forhold mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette går føre seg. Har ikkje vore møte der i år og så vidt eg kan sjå er det ikkje plan om det heller. Samhandling mellom politikarat, tilsette og kommuneadministrasjon treng vi alle å bli flinkare til.

Med høgt sjukefråvær, mykje bruk av uønska overtid og vikarbyrå skulle det være nok å ta opp. Ikkje minst når ein veit at auka grunnbemanning oftast er svaret på desse utfordringane. Rekrutteringa som ein og slit med vil og kunne gå lettare om folk veit at dei ikkje er åleine om dei tyngste taka.

Legge ned sjukeheimsplassar og nedskjæringar innafor bo og habilitering har blitt eit mantra frå kommunedirektøren. Frå fleire er det godt begrunna her i Budstikka at lønsemda i å legge ned sjukeheimsplassar er tvilsam.

I bo og habilitering dekker staten opp til 85 prosent av utgiftan så vi kan først som sist slutte med å kalle dei mest sårbare i moldesamfunnet for eit økonomisk problem. Tenestan her er så gode at folk har flytta til Molde for å få trygge rammer for sine born. Dette sei nok meir om kor dårleg tenestan var i kommunen dei kom frå, men i Molde skal vi være stolt av dette, og bygge vidare på desse signala om at vi kan ha gode tenester.

Dei tilsette i bo og habilitering, som staten gjennom tilskot betalar 85 prosent av lønna til, bur i Molde. Dei betalar skatt som anna folk, dei handlar på butikken, dei går på kino og samfunnsrekneskapen går i pluss.

Den innsatsen som mange av dei pårørande gjer for borna sine med å organisere bustad, tilsette folk, ordne med ulike tilbod med meire er ei heilt uvurderlig hjelp som kommunen ellers måtte ha gjort. I tillegg organiserar dei seg i ulike interesseorganisasjonar og tar politiske verv i kommunale utval for å bidra til at Molde kommune skal skinne for dei mest sårbare i samfunnet. Vær ikkje i tvil om at dette har ein stor verdi.

I Molde har vi sete for Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som fører tilsyn med at tenestene kommunane gjer er etter loven. I staden for å leie inn utanbys konsulentbyrå, der deira råd rett som det er stemplast ulovlege, av same Statsforvaltaren, kunne ein samrå seg oftare med dei vi allereie har av ressursar i byen.

For meg som politikar vil eg helst at kommunedirektøren ikkje kjem med eit einaste forslag som eg skal vedta før bebuar, pårørande, tilsette og dei politiske utvala har blitt tatt med på samråd. I tillegg har vi Høgskolen i Molde med både vernepleiar og sjukepleiarutdanning.

I sum kan dette bli eit fagmiljø vi kan være stolt av i byen vår og med det resultat at dei mest sårbare får gode tenester og trivst i Molde.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal