Her om dagen køyrde eg den fullasta Peugeoten endå ein gong om bord på «Kvaløy» med kurs for Ona. Byen i havet skulle få ein ny fast innbyggjar, og no frakta eg siste flyttelasset hennar til den ytste bydelen i Ålesund.

Éi bok som mangla i flyttelasset, var Hamningberg – fraflytting og umyndiggjørelse av Bjørn Nilsen. Der fortalde NRK-journalisten enkelt og brutalt om dei overgrepa som det offentlege Noreg utsette innbyggjarane i fiskeværet aust i Finnmark for då dei blei tvangsflytta derifrå i 1960-åra.

Treng ikkje den boka lenger, var tanken. Noreg driv ikkje på slik no. Grip, ja. Bjørnsund, akk ja. Men Ona og Husøy? Nei, veit du kva.

Så feil kan ein ta når ein overvurderer folka på fylkeshuset i Molde.

Store investeringar i framtida

Det siste tiåret har der kome ei rekkje politiske initiativ for å styrkje vilkåra for liv og busetnad utanfor byar som slit med tomtemangel og rask folkevekst. Tidsmelodien er at heile Noreg skal brukast.

Det offentlege har satsa mykje ute på øyane dei siste åra. Stortinget har vedteke gratis ferjesamband Nordøyvegen kosta 6,3 milliardar i 2022-kroner og har gitt ein ny kvardag for folk flest. Ålesund kommune skaut inn 1 million kroner då Telenor la fiber til alle husa på Ona og Husøy, og kommunen har lagt ned eit stort arbeid i betre vassleidning. Her ein fredag stilte over 50 på møte i bydelshuset Stormly om brannvern då Ålesund brannvesen inviterte, for vi køddar ikkje med Ona, vi.

Private har investert store summar i eigne arbeidsplassar, frå framifrå brukskunst til velhaldne overnattingsverksemder og sosial strikkekafé, open kvar dag. Nyleg kjøpte ein attendeflyttar hus på Ona, og 15. mai fekk Ona altså jamvel innbyggjar nr. 16. Ho opna straks Kulturnaustet for små arrangement. Så fort vintervindane roar seg, smell det frå drillar og skrik i sager. Her ute tek folk godt vare på både eigedom og fellesskap.

Eit vilkårleg tal som prinsipp

Alt dette anar folka på Molde openbert lite om. Det vesle øysamfunnet Ona og Husøy er altfor stort til å overlatast til samferdsleavdelinga i fylkeskommunen. No tek fylkeskommunedirektøren til orde for det ingen sa eit pip om så lenge Nordøyvegen var saka. Frå 2028 skal den daglege ferjeruta erstattast med ein skyssbåt tre gonger i veka. Folka på Molde har konstruert eit prinsipp om at øysamfunn med mindre enn 6 km veg ikkje treng ferjesamband. Ikkje 5 km, ikkje 10, ikkje 25, ikkje 50. Nei, på Molde er det berre eitt prinsipp som gjeld, og det er talet 6.

6 dagar før møte i samferdsleutvalet la fylkeskommunedirektøren brått fram denne pinleg overflatiske utgreiinga. Administrasjonen fekk nokre dokument frå andre fylkeskommunar, stengde seg inne på kontor med standard takplater og standard tankegangar og snakka ikkje med andre enn seg sjølve.

Der inne greidde dei å ha utor seg tre setningar om Ona: «Ona, ikonisk fiskevær og turistmål i tidlegare Sandøy kommune, no Ålesund. Med Ona forstår vi her Ona og Husøya, som til saman har om lag 1,5 km fylkesveg og 0,3 km kommunal veg og 15 fastbuande i tillegg til mange fritidsbustadar. Ifølge ‘thetravelinspector.no’ er alt på Ona innanfor gangavstand frå ferjekaia.»

Det er berre to små timar mellom Ona og Molde. Denne korte strekninga er altfor lang for folka på fylkeshuset i Molde. Der inne er det nok å sjekke ei privat nettside finansiert av casinoreklame for å finne ut korleis det er på Ona. Det forskrekkar meg at fylkeskommunedirektøren held seg med eit så småtenkt ambisjonsnivå.

Ingen utsette seg for bryet med å stå tidleg opp ein morgon, ta ferjene ut til Ona og Husøy, gå rundt og snakke med folk, be leiinga i Ålesund kommune inn til møte her ute, sjå med eigne auga ferja lukeparkere utan å skremme vekk krykkjene, oppdage kor mykje folk driv med utanfor skipsleia.

Eit samfunn utan like

Er det noko folk her ute fryktar, er det flammar. Utruleg nok har det enno aldri vore nokon stor brann i denne byen i havet, der husa står tett som skarven på skjera. Alt ubrukeleg som brennast kan, går opp i røyk frå årlege, felles jonsokbål. I år kan bålet tennast enkelt med nokre gloser om dei som gir seg sjølve retten til å døme over framtida for folks liv, men sjølve ikkje risikerer noko og openbert er utan innsikt i kva det vil seie å leve på ei øy ute i storhavet.

Eg sluttar aldri å undre meg over den klokskapen lokale folkevalde viste då dei etablerte allmenningen Ona. Innbyggjarane fekk høve til å kjøpe husa og grunnen dei stod på, og så blei alt mellom husa allmenning med fritt tilgjenge for alle. Folka på Molde gjer alle øysamfunn like, utan syn for vêr og vind, og ser heilt bort frå det som skil Ona frå alle andre øysamfunn i Noreg. For dei er øyane berre eit eksotisk turistmål – for andre enn dei sjølve.

Molde har ikkje forstått Ona.

Liksomutgreiinga er svar frå administrasjonen på eit vedtak samferdselsutvalet gjorde – ikkje i 2022, ikkje i 2021, ikkje i 2020, men 11. november 2019. Fire – fire! – år har gått. Administrasjonen har hatt eit hav av tid til å tenkje klokt og utvikle eit framlegg på tvers av avdelingar. I staden klaskar fylkeskommunedirektøren nokre papirark på bordet så seint at det blir ei hastesak. Tilfeldig?

Tre ting har folka på Molde oppnådd. For det første har dei på mest klønete vis gjort alle oss som satsar på Ona, grunnleggjande utrygge og fjerna siste rest av tillit til Molde. For det andre har dei gitt Ålesund kommunestyre sjansen til å vise i politisk praksis kvifor bydelen Ona er viktig for kommunen. For det tredje har dei gjort det desperat nødvendig for fylkesutvalet 8. juni og fylkestinget 19. juni både å avvise framlegget kontant og etablere politisk trygge rammer for Ona-samfunnet i tiår framover.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal