Det er ikkje lenge sidan Ungdomspanelet i Møre og Romsdal var ute og ropte varsku over den aukande narkotikabruken blant ungdom i fylket. Stadig vekk kan ein også lese saker i lokalavisene om korleis narkotika har teke over liva til folk, og om bekymra foreldre, politi og helsevesen.

Etter Høgre med støttehjulet Frp sat i regjering mista politiet verkemidla sine til å drive med førebygging av narkotikabruk. Dei meiner det er viktigare at Exit-gutta på Aker Brygge får bruke kokain, enn at vi skal syte for at færre ungdommar i til dømes Møre og Romsdal utviklar eit rusproblem. Dette er Senterpartiet og Senterungdomen usamd i. Det er på tide at politiet og hjelpeapparatet får attende verkemidla sine. Vi seier nei til høgresida si romantisering av narkotika.

Senterungdomen er det einaste seriøse ungdomspartiet som snakkar om førebygging i rusdebatten. Vi meiner det er viktig at politiet kan gripe inn og førebygge narkotikabruk saman med helsevesenet.

Narkotika er farleg, difor er det ulovleg. Og slik skal det halde fram å vere.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal