Sjølv har eg aldri angra ein dag på at eg utdanna meg til sjukepleiar, sjølv om eg  var hjelpepleiar fyrst, og trivdes godt i den jobben også.  Men når eg ser tilbake på dei snart 50 åra som har gått sidan eg begynte i arbeidslivet, så må eg sei at sjølv om  mange ting har gått framover,  så har det på enkelte felt stagnert, og andre, -  ja, det har rett og slett gått den vegen høna sparkar.

Alle hevdar at det blir mangel på arbeidskraft i framtida, og at det blir ein stor sjukepleiemangel, og eg betvilar det ikkje. Men når vi høyrer kva sjukepleiarar blir sett til å gjere, fordi det  ikkje er nokon andre som har ansvar for dei aktuelle oppgåvene, så må det ein snuoperasjon til. Frå talarstolen på fylkesmøtet vart det fortalt om heimesjukepleiarar som må vaske bilane dei brukar,   dei må køyre bilane til verkstad når det er tid for sørvis,  og dei må hente dei når dei er ferdige.

Gunhild Rolandsen Foto: Privat

Vi veit at sjukepleiarar gjer vaktmeisteroppgåver på institusjonar, - dei måkar snø for å kome seg inn til pasientar som bor heime, dei skrapar is av bilar som er frosne på om natta, og dei hentar ved og  tenner opp i omnen slik at brukarane/pasientane ikkje skal fryse. Dei smør på mat, kokar kaffe og i tillegg gjer dei det dei skal, som er stell og omsorgsfull sjukepleie. Gjerne sårstell, skifte av kateter, medikamentadministrasjon o.s.v. Det er mange oppgåver som kan vere riktige å gjere pga at dei kan observere pasientens situasjon samstundes. Men det har gått for langt slik det er no.

Vi skal omorganisere og samhandle betre er det nye mantra,  vi skal ha velferdsteknologi, og vi skal jobbe smartare. Ja, det skal vi, til ei viss grad. Men «det er faktisk ikkje mogleg å jobbe smartare når ein skal få sjuke til å ete og drikke, då er det snakk om tid, kunnskap og folk! «(sitat frå ei sjukepleiar på f.b  Det er alltid slik at den som har skoen på veit best kvar den trykkjer. Så høyr på dei som er i felten. La leiarar ikkje ha fleire dei er leirarar for enn at det er mogleg å ha oversikt. Lag gode arbeidstidsordningar som dei tilsette får vere med å påverke, slik at dei kan kombinere ubekvem arbeidstid med familieliv og andre aktivitetar.

Blir det bedre arbeidsvilkår for turnusarbeidarar, så kan det hende at det også er mogleg å rekruttere tilbake folk som har gått ut av yrka.

I kommunar og helseforetak sit ofte folk på toppen som sjølv har same grunnutdanninga: Gløym ikkje kva som skal til for at både unge og eldre skal halde ut i arbeidslivet. Husk at sjukepleiarane har kunnskap, kompetanse, ferdigheiter og verdiar som skal til for å utøve god sjukepleieteneste. Andre yrkesgrupper har kunnskap, kompetanse, ferdigheiter og verdiar til å bidra i ei god sjukepleieteneste. Sjølv om sjukepleiarar både kan ha kunnskap og kompetanse til å vaske bil, måke snø og å tenne opp i ovnen, så er det ikkje det dei skal bruke arbeidstida si på. Det er det andre som bør gjere. Og dersom det ikkje er nokon tilsett som kan gjere dette, så må det opprettast passande stillingar til det.

Kommunar og helseforetak, og gjerne også NAV, bør inn og tenke nytt for utøvelse av mange oppgåver som trengst å bli utført. Kanskje kan også NAV bidra med kursing for folk som har vore ute av yrket ei tid? Dette er innspel. Det er åpent for å ta dei med seg, og eg henvender meg her til den som har makt og mynde. Både folk i administrastive funskjonar, og ikkje minst den som er folkevald.

Skal folk halde ut i yrket til dei går av med pensjon , evt. arbeide lenger enn ein må, for å ta ut pensjon, så må belastninga ned, og arbeidsoppgåvene bør vere i tråd med det dei er utdanna til. Seniortiltak kan bidra til at folk står lenger i arbeid. Også kor mykje du kan tene ved sidan av pensjonen utan at den går ned, er eit moment for mange. På dette området er det nok ein del å hente, då der er stor skilnad mellom yrkesgruppene.

Mange har det akkurat som meg, at vi har både arbeidslyst og arbeidskapasitet, sjølv om ein har nådd pensjonsalder, - og det er viktig å fylle dagane sine med  meiningsfylte oppgåver.

Sidan vi nærmar oss 8. mars kan eg ikkje unnlate å nemne at hadde sjukepleie vore eit mannsdominert yrke, så hadde nok oppgåvene som kvar enkelt sjukepleiar utøver, vore meir reindyrka sjukepleiefaget. Slik det er no er det litt som med poteten: den kan brukast til alt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal