Eksamensordninga i dag er skapt for gårsdagen sin skule, der pugging og god hukommelse var viktig for resultatet. Fagfornyinga og dei nye læreplanmåla gir føringar for ein ny og framtidsretta skule der elevane får fordjupe seg i emne og arbeide tverrfagleg. I skulen i dag er kritisk tenking og forståing på tvers av fag, verdifull kunnskap som er med på å danne elevane både for arbeidslivet og livet.

Det er på tide å endre dagen si eksamensform og utvikle ei eksamensordning der eleven får vise både breidde og djupne.  Dette kan for eksempel vere mappevurderingar med munnlege vurderingssituasjonar med eksterne sensorar.

SL Møre og Romsdal går sterkt i mot forslag til ny heildigital eksamen slik den no ligg føre, og som skulane har fått tilsendt eksempel på. Forma hindrar lesesvake elever som les litt seint i å vise sin kompetanse. Det er vanskeleg å få oversikt over oppgåvesettet, og det er vanskelegare å arbeide med oppgåvene så lenge elevane får tilgang til oppgåvene berre digitalt. Vi krev at oppgåvesetta blir delt ut også i papirformat.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal