Lærelyst er eit biologisk medfødt system. Lærelyst er noko vi menneskje har når vi kjenner at vi høyrer til, at vi finn ro med dei andre, at det er trygt for oss å våge oss ut, prøve og feile. Lærerlyst er når vi kjenner ein grunnleggende tillit mellom oss og den som lærer oss noko. Trygghet og meining er noko følt. Som flokkdyr føles tryggheten i relasjon. Vi har med oss i kroppen vår korleis akkurat den læraren fekk oss til å føle oss, eller det klassemiljøet, både kva gjeld lærelyst og trygghet. Ikkje bare når vi befant oss i klasserommet, men også etterpå, i nye og andre relasjonar sit følelsane frå barneåra igjen som ein del av kroppen vår og vårt handlingsmønster. Spesielt har vi det med oss hvis det ikkje var trygt nok og det ikkje var plass til oss. Einsemd kjem av og til slik og set seg. Denne potensielt kroniske, ufleksible sjølvbeskyttinga kan bli til personen og personens uhelse. Vi veit at i ytterste variant sammenfaller slik utrygghet med alle slags helseplager, fysiske og psykiske, ja til og med med auka dødelighet. Dette kan bli til enorme kostnader for oss alle, i form av vold, rus og all anna faenskap utanforskap fører med seg.

Klasserommet er saman med heimen og barnehagen den plassen der barnehjernen utviklar og formar seg mest. Hjernens utforming er brukarstyrt og utviklar seg i takt med det hjernen opplever gjentatte gonger.  Vår sosiale, intellektuell og motoriske læring krever repetisjon. Klasserommet er ein stad barn brukar svært mange av sine vakne timar og det er sannsynleg at det formar den personen barna blir, korleis dei ser seg sjølv, korleis dei ser samfunnet og si eiga sosiale rolle i fellesskapet.  Atmosfæren av konkurranse gjennom normativ karaktersetting og rigide forventninger til kva læring inneber finst i skulemodellen generelt, at den ved innsparingar som fører til llågare fleksibilitet i møte med mangfoldet av barn, vil då kunne reprodusere sosial tilhørighet og ganske sikkert kunne gi utryggheten eit livslangt forløp.

Marie Midstund. Psykologspesialist i Aukra kommune og hos Tilknytningspsykologene.no Jobbar til dagleg med oppvekstvilkår for barn- og unge. Tre barn i barnehage og skule i Molde  Foto: Andreas Winter

Det er antageleg svært sannsynleg at for eksempel Gossen skule, med varm mat kvar morgon og lunsj til borna, nye påkosta bygg og utstyr, lærere med utdanning i sosial utvikling og traumesensitiv omsorg, med ein tarbeidsplass og ledelse som lener seg på gode budsjett, bufrer nokons utenforskap og beheld nokon barns biologiske lærelyst i større grad enn ein skule som sparar seg til fant.

Barnehjernen går gjennom kritiske perioder i åra dei tilbringer i skulen, der vinduer av muligheter for å ta til seg både gode og vonde ting fra omgivelsene er åpne, for så å lukke seg for seinare. Det er ikkje slik at åra i skulen heilt kan rettast opp att for enkelte i etterkant. Dei åra er der og kan bli ein del av den enkelte resten av livet. Dette er det god og brei kunnskap om, mykje forskning på og kunnskapen skal vere lett tilgjengeleg for politikarane i kommunen vår. Det er då vanskeleg å tru at dei folkevalgte fullt ut har erkjent kva dei snakkar om, slik dei ser på nødvendigheten av kutt opp mot biologisk forankra utvikling av samfunnsborgarane sine.

Slik kan ein undre seg over at vi ikkje har høgare ambisjonar. Forskarane Espen Schaaning og Ole Martin Moen uttrykker det så sterkt som at “Skolen er brutal. Den ødelegger barn.” Det er lett for barn å tru at det er deira eigen feil, langt oppi vaksen alder. Forskaren Moen spør seg kvifor ikkje vi som system har enda klarare ambisjoner om å endre skulesystemet, og trur at vi ikkje klarer dette delvis fordi vi har samme erfaringane sjølv, frå då vi gjekk på skulen. -At skulen er eit såkalla internalisert  kollektivt traume, vi numment bare viderefører til neste generasjon. Psykologien min, psykologien din, psykologien til deg som sit i kommunestyret er heilt stappa full av alle dei dagane du hadde på skulen, som gjer det vanskeleg å begripe at skulen utgjør eit grunnstoff i deg her du står i dag. Du er ein forlengelse av dei erfaringane, på godt og på vondt. Det kan vere usynleg for den vaksne politikeren når ho og han sit der. Det å skulle kutte eller i det heile tatt lefle med å kutte 40 millionar frå noko så grunnleggande, kan da alt for fort skje. Vi kan ikkje dehumanisere desse virkestoffa til å kunne samanliknast med indisk stein i sjøfronten. Fråværet av ein slik erkjennelse kan sjåast som ein form for usynleg vold som gir like fysiske skader som den fysiske.

Ingen andre dyrs hjerne fødes så umoden som menneskets, men kan endres så mykje. Ingen hjerne har så lenge eit uttalt og udiskutabelt omsorgsbehov. Dette skriv hjerneforsker Brodal og barnepsykiater Lunde i den nye boka si om leik og læring i eit nevroperspektiv. Det er etter mi meining umulig for skulen å ivareta barna våre sitt biologiske behov for omsorg under meir sparing. Barna treng meir ikkje mindre. La oss vakne fra bevisstlausheten og rope at barna er framtidas gull!

(Teksten er basert på Marie Midtsund sin appell under demonstrasjonen mot skolekutt i Molde)

Kjelder:

"Barn og Relasjonsbrudd: Mikroseperasjoner"  - Brandtzæg, Torsteinson og Smith, 2019

"Lek og læring i et nevroperspektiv" - Lunde og Brodal, 2022

"Fra uro til ro" - Johannessen og Bakken, 2020

"Kart over ensomheten" - Østby, 2022

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal